Meny Lukk

35. Tsjekkia – The Cremator


Det er lenge sidan eg har vorte så oppsluka i ein film som eg vart når eg såg “The Cremator”. Juraj Herz oppnår å bore hol i hovudet til ein rollefigur for så og framstille korleis hjernen hans fungerar. Og for ein hjerne han innehar.

Ein historie som på mange måtar handlar om radikalisering- Herz taklar 3 av mine største fryktar. At det skal vere så lett å samle påverkelege menn på søk etter ei meining i livet sitt for høgreekstreme ideologiar. At det finnes slike moralsk tomme menneskje som gjerne kan sloss for deira raseovertydingar. At nokon faktisk gjer såkalla “andre” fritak for menneskeverd og behandlar dei deretter.

Satt til 1930-åra og den Tsjekkoslaviske republikk, The Cremator går hardt inn på å skildre tankegangen til ein rollefigur som er enkelt og greit: litt på tuppa. Herr Kopfrkingl (Rudolf Hrušínský) vart ei legemgjering av dei europiske tankestraumingane som tillot Nazi-Tyskland å prestere og gjennomføre tidenes overgrep: Holocaust. Herz var sjølv eit offer av dødsleirane så hans kompetanse i å prate om tematikken er sårt trengt i kva som helst debatt om ‘vanlege menneskje’ si rolle i utryddinga av såkalla ‘uynskja’ samfunnselement. Det er verd å nemne at filmen vart sensurert i Tsjekkoslovakia då den vart utgitt i 1969.

Herz er kompromisslaus i si skildring av den paranoide atmosfæra som låg over kontinentet ca. 1937. Heldigvis er Herr Kopfrkingl ikkje særleg oppteke med situasjonen slik den har utvikla seg, han er meir oppteke av si eiga stemme. Frå scene til scene lyttar me på Kopfrkingl medan han utgreiar om sine ideologiske overtydingar (han har ikkje så mange) og hans vage buddistiske tru. Då spesielt hans fascinasjon av den tibetanske dødeboka, “Bardo Thödöl”.

Kopfrkingl si stemme leiar oss igjennom hans overgang frå ein lett påverkeleg statleg tilsett krematør, over til hans radikalisering og opptak blant dei tyskætta tsjekkiske fascistanes rekker. Hans overgang er valdeleg men underspelt. Krematøren får endeleg spele ei rolle av substand då han vart utvald for å styre utviklinga av meir effektive likdisponeringsanlegg.

Eit par ord om filmens samansetjing. Eg hadde ikkje forventa det når eg starta filmen, men klyppinga i denne filmen er enormt underhaldande. Me går frå ei scene til den neste med skjulte klypp der Herz fortsetjar dialogen frå førre scene over i den neste. Effekten er at det verkar som Kopfrkingl aldri stoppar å prate- han osar av hovmod. Ein får ingen pause frå denne ‘mannen’ sine tankeprosessar. Hrušínský si opptreden spelar også inn på dette. Det er ei viss grad av skadefryd involvert når ein ser på denne filmen. Det overraskande moro filmspråket spelar ei rolle her, men også ei fascinasjon over Kopfrkingl- hans andssvake utsegn er til tidar veldig gøyale.

The Cremator er utvilsamt den mest gufne filmen eg har sett i mitt liv. Hrušínský spelar rolla si med ei overtyding ein sjeldan ser: ei ekte definerande rolle. Å vere fanga med ein så usympatisk karakter over ein heil spelefilm gjer The Cremator til ei spesielt tung tittaroppleving, men herregud om denne filmen ikkje har sine augneblikk.

The Cremator (orig. Spalovač mrtvol) - Regi av Juraj Herz. Med:  Rudolf Hrušínský og Vlasta Chramostová. Land: Tsjekkia (Tsjekkoslovakia). År: 1969. Spilletid: 1t 40min

Relaterte innlegg