Meny Lukk

«After» – Ein vandrande stereotypi

[usr 2.5]

After er akkurat den filmen du ser for deg. Om du har sett nokre av trailerane, bileta frå filmen eller berre har ei vag aning om kva filmen handlar om, er den akkurat det du ser for deg.

Tessa Young er ein hardtarbeidande student. Ho skal akkurat til å byrje på universitet, og heime etterlet ho seg ei overskytande mor og den søte, snille kjærasten sin, Noah. På det liberale universitetet er det uansett ville tilstandar. Marihuana, sex, nødt og sanning. Tessa finn også rakst den smellheite lekkerbisken Hardin Scott, som i tillegg til å vere det mest attraktive mennesket nokon gong, også er omtenksom og snill. Til Tessa si store overrasking er han òg ein bokorm med sans for Emily Bronte og Jane Austen. Han er sikkert god til å lage mat også, kva veit eg. Dette leiar uansett til ei heil rekke komplikasjonar når Tessa forelskar seg i Hardin og, som promoteringa rundt filmen hintar kraftig til, får sine første seksuelle opplevingar.

Det kjem ikkje til å overraske dei som ser filmen når dei finn ut at den er produsert av publikasjonsnettstaden Wattpad. Heimen til alt frå Young Adoult-romanar til fanfictions om Markus og Martinus. After starta nettopp her som ein historie om ei ung jente som forelska seg i sin deilige klassekamerat Harry Styles (frå One Direction, om nokon framleis hugsar dei). Namnet vart sidan endra til Hardin Scott, men det er altså her After har sine røter. Sluttresultatet er ingenting anna enn akkurat det ein forventar. Unge Scott er steinkastet unna draumemannen, med berre akkurat nok emosjonelle problem til å skape eit dramatisk narrativ. Kvart einaste klisjé du kan tenke deg vert skamlaust tatt i bruk i løpet av filmen si speletid.

Eg undrast over om der finast menneskje som kan sjå forbi alle dei oppbrukte verkemidla. Om der faktisk finst ei målgruppe som, med skuggelappar på, kan sitte igjennom denne filmen utan å få med seg at alt er ein vandrande stereotypi. At dette er ein karbonkopi av den type Young Adoult-fiksjon dei fleste gjer narr av. Om der uansett finast ei slik gruppe, blodfans av uinspirerte tenåringsromansar, er denne filmen perfekt.

Eg kan uansett lett identifisere ei anna målgruppe for filmen: ein vennegjeng som har lyst på ein god latter, gjerne med litt god drikke i glaset. Kombinasjonen av stereotypiar, merkelege reaksjonar, filmfeil og uinspirerte karakterar gjer filmen til ei gullgruve for ufrivillig komikk. Eg trur dei fleste kjem til å slite med å sjå filmen i ein kinosal utan å sleppe ut ein god dose fliring. Faktisk trur eg ikkje at eg har sett ein film som så ubevisst parodierer sin eigen sjanger. Den fortjener verkeleg ein plass på hylla: so bad it’s good.

Om eg hadde veldig lyst til å ta på meg analysebrillene min kunne eg òg brukt ein del tid på å snakke om kjønnsstereotypiane denne typen filmar nødvendigvis inneheld. Den trekker ingen linjer mellom Tessa si sjølvrealisering som person og hennar seksuelle frigjering. Du endar opp med eit inntrykk av at det einaste som kan gjere deg lykkeleg er sex, og gjerne sex som skadar dine andre personlege forhold. Venar og familien er perifere og ikkje særleg betydelege. Men det blir litt for depressivt for denne anmeldinga, la oss heller fokusere på After som eit komisk forsøk på å lage ungdomsfilm. Den vert mykje betre når du ser på den i dette lyset.

Der er eit par små augneblikk undervegs der det verka som at handverkarane bak filmen faktisk har hjerneceller. Det fotografiske arbeidet er jamt over godt, utan at det nokon gong blir fantastisk, og små triks i historieforteljinga viser at regissøren i alle fall har nokre kunstnariske ambisjonar. Dessverre er der lite som kan redde den forferdelege historia, dei tamme karakterane, og dei jamt over middelmåtige skodespelarprestasjonane.

After leverer akkurat det du forventar frå ei historie som brukte å vere ein One Direction-fanfiction. Ein mild Fifty Shades of Grey med tenåringar i hovudrollene. Om du av ein eller annan grunn ikkje er lei av dei mange klisjéane som plagar young adoult-sjangeren, så er dette kanskje filmen for deg. Om du er tolmodig nok til å vente til den vert distribuert utanfor kinoane er den også ein perfekt ‘so bad its good’-film ein kan nyte med vennar. Den overaskande underholdande å lide seg igjennom. Utanom desse to marknadane har den derimot lite å by på.

https://www.youtube.com/watch?v=BNLta4nDM10

After – regissert av Jenny Gage; med Hero Fiennes Tiffin, Josephine Langford, og Selma Blair. Spilletid: 1t 45m. Land: USA. Premiere: 12.04.19. Aldersgrense: 6 år.

 

Relaterte innlegg