Vekas Strøymetips – 01.03.17

Vekas Strøymetips inkluderer både HBO miniserien The Night Of og Danny Boyles klaustrofobiske 127 timer.
Vekas strøymetips – 02/02/17

Denne veka har me to sterke utanlandske filmar på programmet. Ein prisvinnande sovjetrussisk klassikar frå 1957 og ein relativt ukjend tysk festivalfavoritt frå 2014.
Vekas strøymetips 01/02/17

Vekas strøymetips ifrå Viaplay, HBO Nordic og Netflix.
Vekas Strøymetips – 11/01/17

Denne veka har me ein utilsikta fantasy/mystery/thriller-spesial. Alle tre filmane dyppar ei eller fleire tær i skrekksjangeren, er stilsikre og stemningsskapande. Frå Netflix: The Invitation (Karyn Kusama, 2015) Filmar om venegjengar som samlast til eit middagsselskap som får uventa konsekvensar er omtrent ein sjanger for seg sjølv, og The Invitation er eit kult riff på formelen. Me fylgjar Will, som har vorte invitert på middag hjå eks-kona Eden. Ho ynskjer å samla alle dei gamle venene sine etter å ha gifta seg på nytt. Hendinga som valda brotet mellom Will og Eden var traumatisk for dei begge, og ingen i venegjengen har sett Eden sidan ho byrja i terapi. Stemninga er nervøs, og spesielt Will er smått amper. Han bryggar på ein del kjensler som kjem til overflata då selskapet tek plass i huset han budde i med Eden. I tillegg er han mistenksam på kva Eden vil med denne samlinga. Selskapet er hyggeleg og besynderleg om ein annan. Åtferda til Eden og den nye mannen hennar verkar rimeleg normal, heilt til den ikkje gjer det lenger. Har ho nokre skjulte motiv, eller er Will berre paranoid? Om ein kikar på sjangersorteringa før ein byrjar, skjønar ein at det sannsynlegvis er ugler i mosen ein plass. Men å vite sopass før ein går inn er ikkje eit problem. Filmen nyttar seg heilt frå byrjinga av sjangertropar som får ein i rett stemning, men den lar vente på med definitive svar. Er det eigentleg noko skummelt som luskar? Uvissa skapar ei spaning som held seg gjennom heile filmen, og når det underliggjande komplottet etter kvar kjem i lyset veddar eg på at ingen har gjetta djupleiken. Kristian Frå Viaplay: Crimson Peak (Guillermo del Toro, 2015) Dette ambisiøse prosjektet frå det meksikanske geniet bak Hellboy, Pan’s labyrint og Pacific Rim sleit litt med marknadsføringa når den kom ut. Fyrst vart den omtala som rein skrekkfilm, so vart det litt vage uttrykket «gothic romance» nytta ein del. Det var vanskeleg å vite kva ein skulle forventa. Men sjølv dei som absolutt ikkje fekk det dei ville ha kunne ikkje nekta for ein ting: den er vakker å sjå på. Det byrjar i New York, på 1880-talet. Edith har lyst å bli forfattar, men ingen tar spøkelseslitteraturen hennar på alvor. Ho møter Sir Thomas Sharpe, ein rik, kjekk adelsmann på besøk i byen, og blir forelska. Etter litt om og men – og eit blodig mord av faren hennar – endar ho opp med å flytta til England med Thomas og systera hans, Lucille, til deira familieherregard – Crimson Peak. Filmen har ein del kinks før kontinentbyttet, men tar seg skikkeleg opp når hovudkarakteren endeleg dukkar opp. For i den tittelgjevande bygningen byrjar mysteriet å eskalera. Crimson Peak er eit levande hus, full av personlegdom. Diverre verkar det å vere på dødens rand, og ganske eksentrisk. Det er noko rart med Thomas og Lucille, og løyndomane sit praktisk talt i veggane. Herifrå er filmen blodig, gufsen og overraskande konvensjonsomvendande. Ikkje ein tradisjonell skrekkfilm, men eit godt forsøk frå del Toro på å lage noko eige. Kristian Frå HBO: Coraline (Henry Selick, 2009) Henry Selick er mannen som altfor ofte blir fråteken æra for The Nightmare Before Christmas, sjølv om det var han – ikkje Burton – som regisserte den. Det har moglegvis mykje å gjere med at Burton har laga ein drøss fleire filmar, derav mange er veldig gode, nokon er mindre gode, og eit par for mange har Johnny Depp i rare kostyme. Selick har på si side berre regissert fira filmar. Ein mindre populær Roald Dahl-adapsjon (James and the Giant Peach), ein sprø, sannsynlegvis-elendig-men-med-viss-personleg-nostalgisk-verdi tullefilm med Brendan Fraser (Monkeybone), og, ved sida av (og over?) førnemnde Nightmare, denne vekas tips frå HBO. Coraline er ein stop-motion film, basert på ei bok av den geniale Neil Gaiman, som fylgjer ei tittelgjevande jente. Ho har flytta med forelda sine til eit hus på landet, langt frå sivilisasjonen. Dei er begge skribentar som jobbar mot ein svært viktig deadline, og Coraline kjenner seg litt åleine. Huset er slitt, dei andre bebuarane er rare og naboguten irriterande. Når ho finn ein gøymd gong til ei parallell røynd der alt verkar skreddarsydd til hennar ynskjer verkar ting å sjå lyse ut. Men det er noko med auga til dei som bur der… Dette er ein skummel film. For meg hoppa den rett inn i marerittland i introsekvensen, der animerte synålshender dekonstruerer ei normalt utsjåande dokke og gjenskaper ein versjon av hovudkarakteren. Jaudå, Coraline er nok mynta på born, men den burde ha nok creepiness (god norsk omsetjing nokon?) til å fylla ein vaksen appetitt òg. Animasjonen er kreativ, humoristisk og regelrett nydeleg, og det er forfriskande å sjå ei fantasiforteljing der jenta får vere helten. Kristian
Vekas strøymetips – 04/01/2017

God nytt filmår frå oss i Jump-Cut! Me tok oss ein liten (velfortjent?) pause i romjula, men kjem no (sterkt?) tilbake med nye anbefalingar til det nye året
Min pappa, Toni Erdmann – or how I learned to stop worrying and love my dad, kind of…

Det å ha pinlege foreldre er noko mange kan kjenna seg igjen i, anten frå film eller røynda. Ein gong i oppveksta, vanlegvis tidleg i tenåra, går t.d. pappa over frå å vera supermann til å bli persona non grata. Dette er gjerne ein fase som går over, og etter kvart som ein vert eldre klarar ein, om ikkje anna, å omgåast dei på venlege premiss. Men so har ein dei tilfella der personlegdomsskilnadane mellom forelder og born er so store at dei synast å berre driva lenger og lenger vekk frå kvarandre. I utgangspunktet er Min pappa Toni Erdmann ein film om eit slikt høve – mellom far og dotter – som absurd humoristisk ser på moglegheita for ei reversering i dei tektoniske utglidingane som har separert dei. Men om me kallar den delen for kjerna i filmen, finnast det mykje i dei ytre skala òg. Toni Erdmann er ikkje ein karakter i filmen – til å byrje med. Winifred er ein nær-pensjonaldret barneskulelærar som elskar praktiske vitsar. Frå fyrste scene ser me han tulle med eit postbud, lett utkledd som sin eigen bror. Han går med eit sett falske tenner i skjortelomma til alle tider, og besøker gjerne mor si med skemmande ansiktssminke. Dottera Ines er konsulent i eit internasjonalt oljefirma, og jobbar for tida i Romania. Ingen av dei er flinke til å halda kontakten med kvarandre, noko eit kort og pinleg bursdagsbesøk visar. Winifred bestemmer seg til slutt for å dra på eit overraskelsesbesøk til Ines. Han får eit lite innblikk i hennar verd, og det gjev ikkje eit spesielt positivt inntrykk. Dei kranglar litt om livets meining, og Winifried drar heim med halen mellom beina. The end. Neidå, dette var knapt fyrste tredjedel av denne 162 minutt lange drama-komedien. Handlinga tar av då Winifried, ikledd dei stygge laustenna og ein grusom parykk insinuerar seg inn i Ines sin sirkel av forretningsbekjente. Han tar på seg skikkelsen Toni Erdmann, businessman og life coach, ein karakter ingen tar heilt alvorleg, men som dei heller ikkje kjem unna. Ines, lei av å la faren diktera ting, inviterar han meir og meir inn i arbeidslivet sitt, og hendingane som kjem frå dette trossar all forventing. Det er to svært dedikerte skodespelarprestasjonar i hjarta av denne filmen. Sandra Hüller og Peter Simonischek er begge utrulege på kvar sin måte. Nesten alle scener spelar seg ut til det mest ekstreme, og det er pinleg som berre juling. Filmen er gjennomsyra av cringe-humor av typen denne omtalar ikkje er spesielt fan av (har t.d. aldri klart å sjå ferdig ein episode av UK. Office), og det er ikkje i alle tilfella det kjennast verdt det å bli so ukomfortabel. Men der ein meir konvensjonell komedie a la noko frå Judd Apatow ofte blir for lang før den når 2-timersmerket er settinga i Toni Erdmann ei som tålar speletida. Dei kanskje mest interessante aspekteta med filmen er sidespora ned i europeisk oljeindustri og konsulentarbeid, med fokus på out-sourcing samt ei synleggjering av systemisk kjønnsdiskriminering. Toni Erdmann favnar latterleg breitt og stikker hol på alt som kan likna på ein latterbyll. Om ein ynskjer ein film der konfliktane har klare, rette linjer og Hollywoodsk happy ending er ikkje dette filmen å sjå. Den presenterer ingen lette løysinger eller framifrå frelsande gestar. Dens bittersøte mangel på fullstendig resolusjon legg lista ofte smertefullt nære røynda. Om litt for krass og utriveleg for min eigen smak er det likevel eit imponerande stykke film med unike ambisjonar. Eit særs godt alternativ til dei som er metta på «normal» kommersiell film. Min pappa, Toni Erdmann – Skrive og regissert av Maren Ade, med; Sanda Hüller, Peter Simonischek, Thomas Loibl, Ingrid Bisu og Trystan Pütter. Lengde: 2 t 42 min. Nasjonalitet: Tyskland. Premiere: 25.12.16
Vekas strøymetips – 14/12/16

Ukens streamingtips inkluderer både veddeløpshester, verdens lengste tenniskamp og papirmasjéhoder.
«The Accountant» – Går så vidt i pluss

The Accountant er som eit rekneark som absolutt skal balanserast utan restar.
Vekas strøymetips – 30/11/16

Fyrste søndag i advent er passert, og det betyr jo berre ein ting: eksamensperioden på NTNU er i full sving
Vekas strøymetips – 23/11/16

Ny veke, nytt forsøk på å trekkje dei lange linjene