Meny Lukk

“Candyman” – Biene er framleis skumle


Denne spirituelle oppfølgjaren til filmen frå 1992 med same namn følgjer Anthony og Brianna, eit velståande par som nyleg har flytta inn i ei fin leilegheit i Cabrini-Green området i Chicago. Det same området som berre eit par tiår før var eit bustadprosjekt betydeleg plaga av ei urban legende om ein mann med ein krok for hand. Inspirert av dette begynner Anthony (Yahya Abdul-Mateen II) å sjå etter nytt materiale til kunstkarriæra si, men i søken sin oppdagar han ting frå ei grumsete fortid som vil tilbake i lyset.

Candyman er ein skrekkfilm som gjer akkurat det den skal og litt til. Likevel er den er eit godt stykke frå å kallast eit meisterverk, men Nia DaCosta leverer eit veldig sterkt produkt med sin nyaste film. Med Jordan Peele sitt bidrag på manus og i produsentstolen får filmen eit kjend preg av filmar som Get Out og Us, men med DaCosta bak kamera blir opplevinga eit friskt pust i sjangeren. Filmen stiller stadig med nydelege bilete som nesten hypnotiserer i kinosalen, og set ei heilt spesiell atmosfære som held seg gjennom heile speletida.

Filmen tar for seg ganske alvorlege tema, med rasisme i USA og problema det fører til som eit hovudfokus. Dette blir lagt fram på ein solid måte, men det kjennes ut som DaCosta og kompani kunne brukt enda meir tid på å få etablert det bodskapet dei vil ha fram i forteljinga då det heile blir litt hasta og svulmande ved sida av karakterane dei prøvar å utvikle på same tid.

Når det kjem til karakterane derimot, er desse svært godt spelt. Yahya Abdul-Mateen II og Teyonah Parris er gode i rollene sine, og med eit godt bidrag frå Nathan Stewart-Jarrett fører det til god kjemi blant karakterane som er veldig interessant å følgje med på.

Som ein fan av originalfilmen frå 1992 var eg nervøs for at denne ikkje skulle kunne halde mål, men eg må seie meg veldig positivt overraska. DaCosta brukar det allereie solide materialet frå originalen og byggjer vidare på det med relevante og nytenkjande element som fører til at Candyman blir ei god skrekkfilmoppleving eg vil anbefale til alle interesserte.

"Candyman" regissert av Nia DaCosta. Spilletid: 1 timer og 31 minutter. Skuespillere: Yahya Abdul-Mateen, Teonah Parris, Nathan Stewart-Jarrett. Aldersgrense 15 år.

Relaterte innlegg