Pig – Nick Cage som trøffelhelt

Langt inni skauen bor Rob: en merkelig skrue som livnærer seg av å plukke trøfler. Som hjelp har han med seg en trøffelgris som han trent opp sjøl til å finne skogens gull- helt til den blir stjelt.

«Sovekupé nr 6» – Enemies tog lovers

Da Laura, en finsk arkeologistudent, tar toget nordover fra Moskva for å se titusen år gamle helleristninger, møter hun Ljoha, en på mange måter stereotypisk gruvearbeider.

Ramaskrik 2021 – Dag 2

Ramaskrik fortsetter og på dag 2 ser guttene både høyt ettertraktede filmer og gamle klassikere.

Ramaskrik 2021- Dag 1

Etter et litt annerledes år er vi endelig på plass igjen i herlige Oppdal. Store mengder snø og vind får det nesten til å virke som festivalen i år er arrangert på The Overlook Hotel fra The Shining! Veldig passende, med tanke på de mange grøss og gru som foregår i salene på skjermene inne. The Boy Behind the Door Samandrag: The Boy Behind the Door omhandlar to gutar som vert kidnappa medan dei speler baseball i bakhagen, og vert halde fanga i eit mystisk hus langt unna sivilisasjonen. Der freistar den mystiske kidnapparen deira å selje dei som del av eit menneskehandel-nettverk, medan dei to gutane desperat freistar å sleppe unna. Tankar: Det verkar kanskje som ein god ide og stå opp tidleg og ta første tog til Ramaskrik, og det stemmar kanskje på papiret. Men når toget passert innom Oppdal-stasjon kl. 10:00, var vi kanskje alle noko trøyttare enn vi burde vere. Heldigvis var dagens første film ingen skuffelse. Det er lett å vere kynisk når ein ser at to unge skodespelarar får i oppgåve å bere ein film. Det kan jo umogleg gå bra. Men Loonie Chavis og Ezra Dewey briljerer i rollene som Bobby og Kevin, og greier lett å overføre redsla deira over til sjåaren. Filmen er òg veldig god på å ta temaet menneskehandel, som i røynda er ganske brutalt, og levere det på ein måte som ikkje følast manipulerande eller respektlaust. Det er òg svært forfriskande å sjå ein skrekkfilm der kvar skade, skramme og kutt faktisk får verkeleg seriøse konsekvensar for karakterane. Nokre kleine replikkar og teite tropar finn ein nok, men ein kan lett unnskylde filmen det. -Elias Born i fæle situasjonar er vanskeleg å sjå på. Denne effekten blir forsterka i The Boy Behind the Door då barneskodespelarane er svært flinke og leverer det som verkar som genuin frykt i sine framstillingar. Likevel er det delar av filmen som ikkje funkar heilt som dei skulle. Kidnappingskonseptet er skummelt nok som det er, men med ein lite engasjerande antagonist blir det heile litt svakare med ein gong. Dette er likevel ein heilt ok skrekkfilm. Regissørane viser sin kjærleik for skrekksjangeren med fleire tydelege referansar til klassikarar som The Shining, og det er moro å sjå på eit produkt som det er lagt litt kjærleik i. – Nathaniel Coming Home in the Dark Samandrag: Denne intense thrilleren frå New Zealand startar roleg med ein familie på biltur. Mor, far og to søner skal campe ute då dei får besøk av to typar som ser ut til å by på problem. Dette viser seg å vere rett då familien brått finn seg sjølv i ein grufull situasjon. Tankar: Coming Home in the Dark er ein film som brenn veldig sakte. Dette er på både godt og vondt, då den minimale bruken av musikk og det gode skodespelet er med på å gjere mykje av den tunge løftinga i filmen. Tempoet funkar godt med tanke på handlinga i filmen, men her ligg også ein del av problemet. Handlinga opplevast ikkje alltid som like interessant, og dermed kan delar av filmen kjennes litt treigare enn nødvendig. Likevel er dette ein kul film som er verdt å få med seg. -Nathaniel Sleepwalkers Samandrag: I Sleepwalkers vert vi introdusert for dei eldgamle monstera sleepwalkers, eller svevnvandrarar om du vil, som streifar verda rundt på jakt etter ungt jomfrublod. Det einaste som kan skade dei, og dermed redde menneska dei jaktar på, er kattedyr. Det er kanskje lett å forstå kvifor filmen har eit noko merkeleg rykte. I filmen møter vi to slike svevnvandrarar i form av den velforma ungdomen Charles Brady og mora Mary, som attpåtil er involvert i eit incestuøst forhold med kvarandre. Når Charles møter den vakre jenta Tanya, som slit med å passe inn, vert det klart at mor og son har funne sitt neste offer. Forteljinga er forresten basert på eit originalmanus frå sjølvast Stepehen King. Tankar: Etter å ha tatt ei fortent lunsjpause og ein liten ettermiddaskvil var det klart for Sleepwalkers. Åtvaringa sirkulerte frå denne filmen frå starten av. ‘Send forventninga litt då’ var mantraet som vart repetert i filmen sin introduksjon. Og sjølv regissør Mick Garris tala i sin eigen introduksjon om den dårlege mottakinga filmen fekk. Det er uansett vanskeleg, tykkjer eg, å sjå kva som har gjeve filmen sitt infamøse rykte. Sjølv om Sleepwalkers så klart er teit, er den også eit ekstremt underhaldande stykke film. Når den vart utgjeve på 90-tallet er det kanskje naturleg at denne pastisjen av diverse ungdomskultur kjendest overdådig og røyndomsfjern. Sett med dagens auge derimot, i ei verd fylt til randen av gjenoppliva klisjear frå 80- og 90-tallet, er filmen uansett mykje lettare å fordøye. Filmen bognar av artige grøssarklisjear og morosame karakterar. Dan Martin i rolla som politikonstabel Andy Simpson er saman med katten Clovis ein spesielt elskverdige karakterar, som skapar magi på skjermen. Ein må forberede seg på å svelge eit par kamelar i form av corny replikkar og tidvis dårlege spesialeffektar, men vi er på ein skrekkfilmfestival – det må ein berre finne seg i. Det å kunne sjå filmen med ei direktesendt spørjerunde med regissør Mick Garris var òg ei spesiell oppleving. Og kunne høyre om alt frå dagane hans som ung resepsjonist under innspelinga av originale Star Wars, til korleis han samarbeida med Stephen King i å bringe denne filmen til live var veldig kult. Sleepwalkers er ein film eg ikkje skjønar at er ein større kultklassikar. -Elias Denne filmen frå 1992 kan allereie på første dagen ha blitt eit av høgdepunkta frå festivalen for min del. Då den ikkje er ein spesielt bra film, tok eg meg sjølv i å nyte den meir enn eg kanskje burde. Konseptet i filmen er så bisarre at det er nesten umogeleg å ta seriøst, og eg trur det er nettopp dette som gjer at denne filmen landa hos meg på måten den gjorde. Sleepwalkers byr på skamlaus underhaldning dersom ein er i humør for ein film som ikkje

Cow – Grufullt realistisk

I Cow følger vi en alminnelig mjølkeku gjennom en vanlig sesong. Som en del av bingen blir vi kjent med hvordan en typisk ku har det i Storbritannia.

Dear Comrades! – Dialektikk i praksis

Å leve i Sovjetunionen tyda å stadig vere klår for å når som helst kunne verte råka av statleg makt. Realiteten for dei aller fleste borgararane i landa var at liva deira var utan verdi. Denne kjensla av villkårlegheit vart fanga på eit engasjerande vis av regissør Andrej Kontsjalovskij.

«Shiva Baby» – Komedie med god driv

Shiva Baby er ei underhaldande komedie som med grøssar- og kammerspiel-element kjennast svært forfriskande. Filmen har ei god spaningskurve, og ein tydeleg intensitet – samstundes som den finn mange morosame familiesituasjonar å gjere narr av.

«Fan Girl» – Mørk og interessant kjærleikskildring

Kva skjer då når det filippinske idolet Paulo Avelino blunkar til ei tilfeldig syttenårig skulejente under ein kjøpesenterkonsert? Ganske mykje skal det vise seg når ho gøymer seg i lasteplanet på bilen hans, overtyda over at blunket er eit teikn på at dei er meint for kvarandre.