Meny Lukk

«The Metamorphosis of Birds» – Å leve minna til nokon andre

Som min fyrste film ved Kosmorama i år satt eg meg ned med The Metamorphosis of Birds, utan nokon kunnskap om kva filmen var. Eg visste den vann nokre prisar på andre filmfestivalar, og at den er høgt akta, men kva type film det var, og kva den ynskja å fortelje ana eg ingenting om.

Regissør Catarina Vasconcelos gjev eit innblikk i korleis oss menneskje sansar verda individuelt. Ho gjer dette med ei historie – hennar familie sin historie – skildra med eit uttrykk som i utsjånad liknar framkalla minne frå barndomen. Hennar stilistiske val, som å filme på analog film, og narrative val, som det ekstreme fokuset på familieeininga, skapar konnotasjonar til Jonas Mekas sin filmografi. Likeins Mekas sine filmar er The Metamorphosis of Birds ein uortodoks dokumentarfilm. Spesielt Reminiscences of a Journey to Lithuania, og ‘heimevideo’-kjensla filmane hans osar over av er å kjensle her.

Mekas sin signaturar, fyrst og fremst ei stadig stemme som leiar sjåaren, ofte vekk i frå det som skjer på skjermen og inn på sære tangentar, er også til stede her. Lange, vakre utsnitt kjem stadig vekk medan forteljarstemma poetisk mimrar om opplevingar og tankjar som regissøren førestiller seg at hennar familie kanskje har opplevd frå barndomen. Eit stramt fokus på den subjektive opplevinga av kvardagen er også tatt rett frå Mekas. Leiter ein etter narrativ struktur må ein nok berre skru av filmen. Det er rett og slett ei forteljingsform som er heilt utanom det vanlege. Abstrakte tema hamnar under mikroskopet og sanningar om “den menneskelege tilstand” openbara.

Til tross for at det er hennar debutfilm visar Vasconcelos at ho har eit unikt og totalt gjennomført filmatisk uttrykk som ikkje er likt mange andre dokumentarfilmar ein finn i dag. Nøyaktig kva hennar bodskap er held ho vagt. Ho er meist openbart oppteke av å uforske kvinners rolle i ein familiedynamikk der fedrene ikkje er spesielt nærverande. På eit vis er denne vagheita ei av styrkene til filmen, kven som helst kan projisjere sine eigne opplevingar og relasjonar til deira familie på det ein ser.

The Metamorphosis of Birds -  Regi av: Catarina Vasconcelos. Spilletid 1t 40m. Land: Portugal. Vises på Kosmorama.

Relaterte innlegg