Eighth Grade – Kosmorama 2019

Koseleg og realistisk tenåringsdrama.

Bo Burnhams regidebut er eit gjennomtenkt og vel utført stykke film, med bra presentasjon og bra skodespelarprestasjonar. Handlinga følg Kayla (Elsie Fisher), som er i hovudsak berre eit utsnitt av ein gjennomsnittleg åttandeklassing. Situasjonane som ho hamnar i er nok noko som dei som veks opp i dag ville kunne kjenne seg igjen i. Prestasjonane er bra, spesielt då Elsie som Kayla og Josh Hamilton som faren hennar. Dei verkar som dei har eit faktisk far/dotter forhald.

Framvisninga var det eg likte best, der bruken av sosiale medier verka totalt naturleg, og vart noko eg tenker (og tykjar) mange andre filmar vil teke i bruk i løpet av dei neste par åra. Burnhams stil passar perfekt for eit audiovisuelt medium som film, og det var eit par augneblink som lina på stand-upen hans, og eg er spent på kva prosjekt han vil teke føre seg i framtida.

Du kan få med deg Eighth Grade på Prinsen Kino Lørdag 18:00, og Søndag 13:45 under årets Kosmorama.

Flere anmeldelser

Ramaskrik: Zombiefilmens brede potensiale

Ramaskrik viser i år flere zombiefilmer som har utforsket en av skrekkfilmens mest gjenkjente monstre på vilt ulike måter. We Bury the Dead og Trizombie er to nye innslag som setter hver sin egne vri på hvordan menneskeheten takler en zombieapokalypse. De gir innblikk inn i hvordan klassiske horror-tropes kan bli brukt for både lett moro og kompleks vemodighet.

Les mer