Meny Lukk

“Free Guy” – Ein Ryan Reynolds film


Ryan Reynolds er tilbake i kjend stil som ein vittig moromann med tendensar til å bryte den fjerde veggen. Denne gongen har han også med seg blant andre Taika Waititi frå filmar som Thor: Ragnarok og Jojo Rabbit, samt Joe Keery frå Stranger Things. Ein skulle tru at denne gjengen kunne lagt fram noko som var greitt underhaldande, men dette er då dessverre ikkje tilfellet.

Filmen følgjer Guy. Guy er ein NPC i eit enormt populært spel som lev det glade liv frå dag til dag då han ein dag møter Millie (Jodie Comer), ein spelar som er ute etter å finne informasjon ho kan bruke i ei rettssak mot det store spelselskapet. Etter å ha møtt Millie innser Guy brått at han ikkje vil følgje rutine lengjer, og bryt ut av sin daglege praksis. Dette blir eit stort fenomen både i spelet og i den verkelege verda.

Konseptet med at ein NPC utviklar kunstig intelligens og går laus på ei videospelverd med få grenser for kva ein kan gjere, verkar i grunn som det kan by på god underhaldning. Free Guy har eit par greitt underhaldande augneblink, men det hjelp lite når resten av filmen ikkje er særleg bra. Historia den fortel vert fort kjedeleg, og dialogen bombarderer med vitsar som sjeldan treff der dei vil og ofte resulterer i at eg blir fysisk klein. Dette passar veldig dårleg då filmen er heilt avhengig av at Reynolds og kompani skal halde stemninga oppe med vitsar og referansar i Deadpool-tempo.

Free Guy er ein ganske rotete film som aldri heilt klarer å sjarmere på måten den vil. Den er som sagt veldig avhengig av humor, men mykje av det som blir presentert fell heilt flatt. Dersom du er veldig glad i Ryan Reynolds eller ekstremt effekttunge filmar, kan det hende du vil like denne. Om du ikkje fell innanfor desse kategoriane er det mange betre ting du kan bruke to timar på.

"Free Guy" regissert av Shawn Levy. Spilletid: 1 timer og 55 minutter. Skuespillere: Ryan Reynolds, Taika Waititi, Joe Keery, Jodie Comer. Aldersgrense 12 år.

Relaterte innlegg