«Gledelig jul» – Film søkjar målgruppe

2 out of 5 stars

Det er jul. Annemor og Frank feirar høgtida i Noreg for først gong på mange år. Alt er ikkje som det skal i forholdet deira. Og Annemor har byrja å bruke meir tid saman med naboen Nils. Dermed greier Frank å lure heile familien heim når jula byrjar å nærme seg. Dei neste dagane raknar heile familien frå kvarandre, medan stadig fleire intriger byggjer barrierar mellom karakterane.

Julefilmen må vere eit av dei vanskelegaste sjangrane ein kan freiste å lage. Dette nett fordi markanden er så overfylla med dei klassiske filmane, ei rekke med gode tradisjonsfilmar som dei fleste av oss smekkar på TV-skjermen år etter år. Måten filmar som regel olbogar seg ein plass blant erkeklassikarane er enten ved å vere så folkelege at heile familien kan ta kinoturen ilag , eller ved å finne ein ny og artig sjangervri på juleforteljinga. Gledelig jul lykkast ikkje på nokre av områda.

Faktisk er det vanskeleg å sjå kva slags film filmskaparane såg for seg dette skulle vere. Når vi først entrar handlinga sitt univers flyter vi på tonar frå erkeklassiske Tre nøtter til Askepott og ein må derfor gå utifrå at ein såg for seg ein brei og folkeleg film. Spesielt når den eine hovudkarakteren heiter noko so overfolkeleg som Annemor. Men på den andre sida går det ikkje lenge før vi møter tenåringsjenta Tessa. Ho blir nettopp introdusert medan ho har sex med den svenske kjærasten sin Göran. Ikkje noko eg ville tatt med meg «barnebarna mine» for å sjå! (Sjølv om scena er langt frå direkte grafisk.)

Derfor slit filmen totalt sett med å treffe folketonen, nokon av dei meir barnslege augneblinka kjem neppe til å treffe tenåringar, og totaliteten manglar ein seriøsitet som kunne treffe eldre publikummarar. Derfor slit eg med å sjå for meg at nokon forlèt kinosalen og tenkjer: «Nett dette var filmen for meg». Utover dette er ikkje filmen noko særleg til totalvrak. Dei fleste skodespelarane er kjente namn som er kompetente på skjermen, og filmteknisk er filmen heilt grei. Musikkbilde verkar kanskje noko rotete når det vekslar mellom Mr. Sandman av The Chordettes og klassiske musikkstykke i barokk tradisjon, men det fungerer greitt nok.

Karakterane i filmen er uansett noko symptomatiske eit originalitetskappløp ein har sett i slike filmar dei siste åra. Der målet er å finne den mest morosame framstillinga av «oss nordmenn», t.d. Grandiosa til julemiddag og kor rart er det ikkje at vi ser Grevinnen og Hovmesteren på veslejulaftan. Men nokre av framstillingane presterer faktisk å underhalde. Spesielt gjer Ellen Dorrit Petersen ein strålande jobb med å portrettere ei Sunnmørskvinne i midtlivskrisa – eg som sjølv er Sunnmøring snakkar av erfaring når eg seier ho treff spikaren beint på hovudet. Og Göran er ein artig framstilling på den moderne svenske mannen.

Ein kan også sette spørsmålsteikn ved noko av verdisynet her. Før vi møter ho i filmen, hadde Tessa vore i eit lesbisk forhold. Men heile legningsspørsmålet vert bagatellisert til  ein rebelsk ungdom som ikkje greier å bestemme seg. Hennar seksuelle legning vert framstilt som noko ho kan velje. Når dei vaksne spør ho korleis ho først kan like ei jente, også en gut svarar Tessa langs linjene «Eg veit ikkje, det vell sånt som skjer» medan dei vaksne himmlar med auga. Kommentaren filmen framlegger lenar derfor fort mot: «Haha, er ikkje desse homsane nokre raringar.» Litt rart. Mot slutten av filmen dukkar også filmen sin nær einaste ikkje-kvite karakter opp som ein Deus ex machina. Han gjev raskt eit par vage råd til ein av karakterane og forsvinn i ei sky av såpebobler. Eg køddar ikkje. Parallellane til stereotypien «Den magiske villmannen» er nesten i overkant slåande. Men desse små augneblinka er flyktige nok til at dei ikkje øydelegg så mykje for filmen rundt.

Gledelig jul er ein heilt grei film, men den slit med å engasjere. Noko du vil eigentleg vil ha frå ein julefilm. Eg vil helst forlate kinosalen med forventningar til høgtida som kjem og den gode julefølelsen i magen. Her kjennar eg elles lite. Filmen slit også med at den dykjer alt for langt ned i andre akt utan å greie tilfredsstillande knyte trådane i hop. Den lykkelege slutten blir litt for openbert eit skalkeskjul, og ein vert sittande å tenke attende på dei triste karakterane og dei triste liva deira. Eg var endå meir lei meg når eg såg det var Erlend Loe som hadde skrive manuset til filmen. Ein mann som så mange gangar elles greier å trakke grensa mellom det triste og det bittersøte, noko Gledelig Jul diverre totalt mislykkast med.

Gledelig Jul – Regi: Henrik Martin Dahlsbakken. Manus: Erlend Loe. Med: Anne Marit Jacobsen, Otto Jespersen , Nils Jørgen Kaalstad, Iben Akerlie, Ellen Dorrit Petersen. Land: Norge. Norgespremiere: 06.11.2020. Aldergrense 15 år