«Godzilla vs. Kong» – Akkurat det den skal vere


Tittelen på det nyaste innslaget i «MonsterVerse» fortel eigentleg alt ein treng å vite om filmen sjølv. I det eine hjørnet har vi ei radioaktiv øgle, og i det andre har vi ei over gjennomsnittet stor ape. Om du synes dette høyrast ut som noko du kunne tatt deg sjølv i å like, kjem du fort til å ta deg sjølv i å like det.

Ved sida av den storslagne kampen mellom gigantane har dei i kjend stil ei forteljing som følgjer diverse menneskjer som arbeidar for eller i mot dei store korporasjonane som handterer desse store dyra. I tidlegare filmar har forteljinga om desse menneska vore relativt treig og jamt gjennom uinteressant. Det er den her også. Likevel fungerer det heilt greitt for å drive fram eit plott som fører fram til det vi alle eigentleg vil sjå: stor ape mot stor øgle.

Personleg trefte denne filmen meg akkurat der den skulle. Ei passeleg mengde med hjernedaud film som veit akkurat kva folk er der for å sjå. Filmen klokkar inn på 113 minutt, noko som er heilt perfekt for denne typen film då ei lengre speletid hadde blitt uuthaldeleg kjedeleg og ei kortare hadde blitt skuffande.

Eg skal ærleg innrømme at sjølv om det ikkje er ein særleg bra film, så kosa eg meg godt under Godzilla vs. Kong. Filmen latar ikkje som om den er noko anna enn det den er, og det set eg enormt pris på. Dersom du er ute etter ein litt teit og litt moro film å sjå denne helga, er dette eit godt alternativ.

Godzilla vs. Kong  - Regissert av  Adam Wingard. Spilletid: 1t 53m. Land: USA. Norgespremiere: 21.05.2021. Skuespillere:  Alexander Skarsgård, Millie Bobby Brown, Eiza González, Rebecca Hall. Aldersgrense: 12 år

Flere anmeldelser

«28 Years Later: The Bone Temple»- Når mennesket blir den største trusselen

28 Years Later-universet, skapt av Danny Boyle og Alex Garland, får et nytt og mørkere uttrykk når Nia DaCosta tar over regissørstolen i «28 Years Later: The Bone Temple». Der tidligere filmer har fokusert på selve zombieutbruddet, retter denne filmen blikket mot noe langt mer urovekkende: umenneskeligheten hos de overlevende. Her er det ikke de infiserte som utgjør den største trusselen, men menneskene selv.

Les mer