Meny Lukk

“Great Freedom” – Ikkje tru den ikkje er relevant


Great Freedom” har visninger:

fredag 11/3 kl 17.00 og lørdag 12/3 kl 10.30


Er ein fri om det er våre eigne val som førar oss i fengsel? Dette er spørsmålet som filmskapar Sebastian Meise spør når han i “Great Freedom” framstillar det institusjonelle hatet mot homofile ein såg, og framleis ser i alle europeiske (eller såkalla siviliserte land) heilt fram til dags dato. Her er handlinga satt til Vest-Tyskland frå slutten av andre verdskrig fram til paragraf 175 (eller 213 som den var i det norske lovverk) vart oppheva i 1969. I Noreg tok dette for øvrig 3 år til.

Å endeleg teke eit oppgjer med den motstridande fortida til vesten er noko som vart gjort av filmskaparar stadig vekk, men Great Freedom har klårt å finne kanskje den mest absurde situasjonen av alle. Hovudrolla vår er Hans Hoffmann (Franz Rogowski), og me følg han i gjennom dei tre periodane han vart sendt i fengsel for sin ‘kriminelle atferd’. Absurditeten vart introdusert tidleg. Hans har nemleg vore i konsentrasjonsleiren då han i 1945 hamnar i celle saman med Viktor (Georg Friedrich), men i staden for å fri han frå nazistanes galskap så vart Hans nemleg vidareført inn i det nye tyske fengselssystem. Homofili er jo framleis eit straffbrot etter alt.

Dette vekka ein reell reaksjon i publikum, som er godt å høyre, men når eg sit blant pensjonistar som alle var på min alder når paragraf 213 vart oppheva i 1972 er det eit sjokk at, vel, dei vart sjokkerte. Burde ikkje alle desse menneska visst om at homofili medføra fengsel på lik linje med mord, tjuveri og underslag?

Her ligg for meg kanskje filmens største styrke. Den formidlar noko som i stor grad framleis er ukjend: nemleg korleis det var for homofile når dei vart handsama med ei annanrangs verdi. Stigmaet rundt slike historiar var nok stort i Tyskland, og Noreg for den skuld, sjølv om sjølve lova vart oppheva. Mange treng framleis å forstå omfanget til kva demokratiske rettstatar i Europa dreiv med for snaugt 50 år sidan. Dette vart understreka av nettopp filmen då Hans føreslår til elskaren (Thomas Prenn) sin at dei skal dra til DDR, det kommunistiske autoritære Tyskland, berre slik at dei to kan leve liva sine litt meir opent og utan å verte straffefølgd på grunn av deira natur.

Meise har her ei god historie og ein genial innfallsvinkel. Å skildre utviklinga til Hans i gjennom 3 tiår der han stadig hamnar i fengsel for sine ‘handlingar’ er veldig smart og veldig emosjonelt påverkande. Spesielt ei scene der Hans vart sendt på einecelle i 1945 (hugs dette er kort tid etter mannen var i eit konsentrasjonslager) er enormt rørande.

Til sjuande og sist er dette ein viktig film, for det er jo diverre ikkje slik at homofili i dag tydar at du har same rettigheitar som alle andre. Du høv ikkje dra meir enn 400 km unna Tyskland før du når Ungarn. Og Noreg er nabo til Russland. Dette er framleis ein sak som høvst å beljosast og Meise har gjort dette på eit framragande vis.

Great Freedom (orig. Große Freiheit) regissert av Sebastian Meise med Franz Rogowski, Georg Friedrich, Thomas Prenn og Anton von Lucke.

Relaterte innlegg