Meny Lukk

“High Ground” – Vil vise fram eit vanskeleg tema, men bommar litt på skiva

Travis er ein veteran etter første verdskrig, og brukar no tida si som politimann i Australia. Då operasjonen han leiar går av skinnene og fører til massedrap av ein stamme med urfolk, sluttar han i jobben sin. 12 år seinare blir Travis oppsøkt av sine tidelgare kollegaar for å hjelpe til å finne ein bande med aboriginar som har øydelagd gardar og drepen ei kvit dame. Det vil vise seg at fortida hans ikkje er ferdig med han heilt enda.

Vi følgjer historia om Travis og den unge aboriginaren Gutjuk som overlevde drapet på familien sin, og no lev livet sitt med dei kvite. Filmen prøvar veldig hardt å få publikum til å bry seg om forholdet deira, men det heile ender opp med å bli rimeleg klisjefylt og kræsjar derfor litt med den alvorlege tematikken bak filmen.

High Ground er ein brutal film basert i sanne hendingar. Filmen opnar med ei ganske grafisk skildring av at eit samfunn med aboriginarar blir drepne. Dette er ubehageleg å sjå på og set tonen for resten av filmen rimeleg fort. Blodig vald er noko som gjentar seg eit par gongar i løpet av speletida, men filmen lenar seg ikkje så alt for mykje på dette.

Filmen fortel om forhaldet mellom aboriginane og dei kvite tilflyttarane i landet, og korleis kolliderande kulturar kan skape problem. Dette kunne ha blitt bra, men filmen verkar til tidet som om den legg opp til at publikum skal velje ei side i konflikta som tar stad. Akkurat dette synes eg ikkje passar heilt inn, og det tar dermed frå erfaringa av det som er ein elles grei film.

Sjølv om High Ground ikkje heilt klarer å treffe skiva når det kjem til konflikta i filmen, klarer den framleis å underhalde på ein grei måte. Den har ein del fine bilete som drar den opp, men det er ikkje nok til at den får plass på den høgaste hylla.

High Ground  - Regissert av Stephen Johnson. Spilletid: 1t 44m. Land: Australia. Norgespremiere: 19.03.2021 Skuespillere: Simon Baker, Jacob Junior Nayinggul, Jack Thompson. Aldersgrense: 15 år.

Relaterte innlegg