“Terminator: Dark Fate” – Testosterontaco

3.5 out of 5 stars

Ei avansert maskin frå ei fortapt framtid kjem attende for å utslette menneskja sitt siste håp. Frå lynboltar vært nakne menneskje kasta inn i vår notid. Ei ung kvinne vert offer for krefter ho ikkje kan forstå, og må i prosessen tape nokre av sine næraste venar. Kinosalen rungar av engelsk med austerrisk aksent. Linda Hamilton spelar Sarah Connor.  Det vert knapt meir Terminator enn dette.

Kjente linjer leiar oss inn i kinosalen i det neste steget i Terminator-sagaen. Som no, trass ofte sterk kritikk, har blitt ein av dei lengstlevande filmfranchisane vi kjennar. Filmskaparane har denne gongen gjort sitt aller beste for å attskape litt av magien frå 80-tallet. Dei får til dette med god subtilitet, og allereie frå starten er musikk- og lydbiletet merkbare faktorar i å bygge rammene for filmen. Dei større linjene i filmen følast veldig kjent, og mykje går igjen frå tidlegare filmar får rekkja, men eg trur ikkje dette er noko stort problem. Om du uansett ikkje følar deg i det konservative hjørnet er Dark Fate flytta et godt stykke sørover. Med handling plassert i hovudsak til Mexico med ekko av resten av det Latinamerikanske området er her også mykje nytt. Til å byrje med er det kanskje litt for synleg kva transnasjonal befolkningsgruppe filmen freistar å tene pengar på, men når ein kjem seg over det tilfører kontinentbyttet også filmen mykje nytt og friskt. Og vi bevegar oss også fort tilbake til Amerikas Foreinte Statar med ein gong produsentane har fått fylt spanskkvota si.

Dark Fate tilfører Terminator-universet mange nye impulsar. Tidslinjene vert atter ein gong vridd på for å skape nye typar robotar, og menneskeheita sin frelsar får eit nytt namn; utan at eg skal røpe for mange detaljar. Resultatet er ein film som tydeleg veit kvar den kjem frå, samtidig som den veit å ikkje være keisam. Som dei fleste sidene ved Terminator-myten er det uansett best om du ikkje stillar deg sjølv for mange spørsmål. Her er nemleg mange ting som ikkje gjev det spor meining med ein gong du byrjar å tenke over dei.

Om du derimot berre lenar deg tilbake og prøvar å nyte det du ser er her mykje godt å ta av. Med den klassiske Terminator-formelen til grunne vært Dark Fate ein fantastisk leveringsmekanisme for god action. Regissør Tim Miller er frå tidlegare kjent for hitten Deadpool, og det er tydeleg at han briljerer på dette området. Spenningsfylte sekvensar i godt tempo vert fylt med mange kule konsept og vekselvis humoristiske augneblink. Alt saman flyt fantastisk saman, og med eit stadig veksande karaktergalleri er det sjeldan ein vært servert keisame augneblink. Når desse først dukkar opp er det fordi filmen konstant følar ei trong til å rettferdiggjere karakterane sine, og i mi meining er Terminator-universet allereie så overdrive at dette fort vert unødvendig. Men straks ein litt for lang monolog er ferdig, hoppar alle om bord i næraste tilgjengelege køyretøy og om ikkje lenge har tempoet tatt seg opp att.

Dark Fate er kanskje ikkje den same typen høgkino som Scorsese har hylla dei siste vekene; men om du ikkje greier å vedkjenne at Linda Hamilton som skyt framtidsskapte dødsrobotar med bazooka er kult, vil eg ikkje vere venar med deg. Apropos Hamilton er Dark Fate og ein siger for den kvinnelege badass-karakteren. Vi har sett desse før, men sjeldan med dei mengdene nyanse vi får servert her. Ingen av kvinnene gjer seg sjølv til jomfruer i nød, kanskje med unntak av heilt i byrjinga, og unngår samtidig å verte karbonkopiar av den erketypiske kvinnelege badassen. Dei tre hovudrollene er velforma karakterar med kompleksitetar som legg utgangspunktet for spennande konfliktar mellom dei i kvar einaste scene. Applaus.

Terminator: Dark Fate er eit lite fyrverkeri av ein film. Den er ikkje noko filmatisk meisterverk, men den trenger heller ikkje å vere det. Den har alt det du ser etter i eit godt actioneventyr. Gode karakterar, artige konsept, kul datagrafikk og eit forrykande tempo. Filmen kjem òg med nyskapingar i det velkjente Teminator-universet som tidvis fungerer ekstremt godt. Er dette berre eit forsøk på å generere dollarsetlar for Schwarzenegger sitt pensjonsfond? Ja, det er godt mogleg, men eg ser ingen grunn til å bry seg. Resultatet er uansett eit godt stykke turbolada moro. Og, som i ein god taco, kjem mange forskjellege ingrediensar saman for å skape eit produkt som neppe gjev Michelin-stjerner, men som likevel er umåteleg digg.

Terminator: Dark Fate – regissert av Tim Miller; med Arnold Schwarzenegger, Linda Hamilton og Mackenzie Davis. Spilletid: 2t 14m. Land: USA. Premiere: 08.11.19. Aldersgrense: 15 år.