Meny Lukk

Cannes Filmfestival – Corsage


Ut av lille Luxembourgh kjem i år ein slager av eit kostymedrama, ikledd eit leikent og vakkert filmspråk. “Corsage” er ei sandkasse for Vicky Krieps å briljere i, i si rolle som Keiserinne Elisabet av Austerrike-Ungarn.

I røynda var Elisabet i si tid rekna som verdas vakraste kvinne, noko ho var klår over. Fast bestemt på å stadig halde på denne tittelen: keiserinna var kjend for sin vannvittige rutiner, slankeprogram og figur. Men dette er berre del av komposisjonen, då regissør Marie Kreutzer skapar ei Elisabet som er mykje djupare enn fakta eg henta frå Wikipedia. Krieps spelar ei kvinne som er utilpass i si rolle som Keiserinne, der ho ynskjer å vere noko meir enn berre vakker pynt. Diverre for ho er Elisabet ei kvinne og har derfor ingen rett til å blande seg i korleis det Austerriske monarkiet vart styrt, til hennar frustrasjon.

Kostymedrama er diverre ofte tørr kost, der eit mellombels manus lenar seg på iscenesetjinga for å vise tider før oss. Heldigvis er ikkje Corsage eit typisk kostymedrama. Kreutzer ynskjer å leike med komposisjon og har eit manus som utfordrer førestillingar om fortida. Det er lett å drege parallellar til Sofia Coppola si “Marie Antoinette“, om litt reduktivt. For Corsage er ein fullkomen film som utførar å fortelje ei rn

Krieps er filmens store høgdepunkt, og skodespelaren verkar som å ha funne den perfekte anledinga til å stråle. Eit flott manus er med på å gje ho spelerommet til å briljere, og ho tek den utan å anstrenge seg. Resultatet er eit karakterstudie som rommar mange sanningar om førehaldet mellom menn og kvinner.

Regissør Kreutzer var til stedet under framstillinga og gav ein kort tale før visinga. Der sa ho at ho var glad for å kunne skape denne filmen då kvinner for lenge har vore bunden til menns lagnad. Corsage fangar dette på eit storarta sett.

Corsage. 2022. Regissert av Marie Kreutzer. Med: Vicky Krieps, Florian Teichtmeister, Jeanne Werner og Aaron Friesz. Spilletid: 1 time og 53 minutter.

Relaterte innlegg