Meny Lukk

Cannes Filmfestival – Triangle of Sadness


Då Ruben Östlund i 2017 vann gullpalma for sin bimørke komedie “The Square” var svensken allereie godt kjent for filmgåare tvers over Europa.

Likevel var at filmen skulle vinne ikkje noko sjølvfølgje. Östlund haldt den gong ikkje tilbake i si stramme kritikk mot den vestlege kunstverda og motførestillingane kunstdirektørar i vesten operer med. Cannes-publikumet og jury-utvalet vart riktig imponert den gong, sjølv om dei tilhøyrer miljøet som skildrast der og det framleis eksisterar i beste velgåande.

No er Östlund tilbake med eir sylskarp ironi, denne gongen retta mot influensarar, entrepenørar og – noko som er veldig i tidsanda – russiske oligarkar. Det tek kort tid før Triangle of Sadness kjem i gang med valdsam og treffande samfunnskritikk, der han rørar på klassegnissingar frå fyrste stund.

Historia startar me å følgje eit modellpar (Charlbi Dean og Harris Dickinson) som er på luksusreise over atlantarhavet, men straks filmen kjem til havs skiftar den gir. På reisa frå ein restaurant i Sverige til ei øy i atlanterhavet dreg Östlund oss igjennom ei mengde situasjonar der målet er å rakke mest mogleg ned på dei som har alt – forutan moral. Og med dette tek han den såkalla “overklassen” ned til jorda. Dette kjem til eit klimaks under ‘kapteinens middag’, der etiketten og verdiane desse aristokratane held kjem opp for alle og sjå som sjømaten dei kastar opp.

Woody Harrelson er noko overraskande filmens høgdepunkt i rolla som ein amerikansk marxist og luksusyacht-kaptein. Scena der den russiske oligarken (Zlatko Burić) som eig båten og kaptein Thomas (Harrelson) musar over forskjellane mellom sosialisme og kapitalisme i form av sitat frå kjende idelogiske figurar står i hovudet mitt som filmens sterkaste: dette i eit verk stappa full med stålsterke enkeltscener.

Parallellar kan fort dregast til den franske sosialistiske bølgja på 60-talet, der filmskaparar som Jean-Luc Godard ynskja å bruke film for å påverke endring i gjennom ironi og samfunnskritikk. Östlund held ikkje slaget i sine framstillingar av menneskje rike nok til å kjøpe ein yacht, som samstundes manglar livserfaringa som krevjast for å tenne eit bål.

I trass med all elendigheita filmens karakterar vart utsett for var det svært sjeldan eg tok meg i å føle sympati for luksusyacht-turistane. Målet for regissøren er å vise til at sosiale sjikt berre er konstruksjonar, og at sjølv om ein har pengar er man framleis eit menneskje – som bæsjar og spyr av sjømat på akkurat same vis som alle andre.

Her kjem den samfunnskritiske brodden inn for full spurt: og den vart fullenda då turistane opplev eit paradigmeskifte då dei vart stranda på ei aude øy. No er ikkje rikdomen deira verdt ei krone – erfaring og evner trumfar alt.

Triangle of Sadness. 2022. Regissert av Ruben östlund. Med: Charlbi Dean, Harris Dickinson, Woody Harrelson og Dolly de Leon. Spilletid: 2 timer og 29 minutter.

Relaterte innlegg