Meny Lukk

Cannes Filmfestival – Volaða land


I årets bi-konkurransen fekk islandske Hlynur Pálmason bryne seg mot mange kjende namn då hans andre spelefilm, “Volaða land” / “Vanskabte Land” fekk ei nominasjon. Den unge regissøren vart kjend for verda med si hjarteskjærande gransking av sorg med filmen “En hvit, hvit dag” som skribenten var heldig nok til å sjå då den gjekk på festivalbanen i 2019.

Den filmen var for øvrig også med ved Cannes blant ‘kritikaranes utvalde’, men det er med sin andre film at Pálmason har perfeksjonert dei særeigne filmtriksa og metodane han eksperimenterte med i En hvit, hvit dag samstundes som han har satt restriksjonar på seg sjølve i valet av format, filmrull og teknikk.

Lucas er ein ung prest som vart sendt til Island på misjon av biskopen i København. Han får i oppgåve å lafte ei kyrkje på austlege Island, og presten tek sjansen som reisa byr på til å fotografere den islandske naturen og folkene i landet. Pálmason startar filmen med eit tittelkort som skildrar bakgrunnen for filmen, der han utdjupar om korleis den er inspirert av ein kasse med bilete som vart funnen. Desse bileta var dei fyrste teken på austlege Island.

Inspirasjonen kjem tydeleg fram båe i handlinga og det filmatiske, der Pálmason har gått hardt til verks i å gjenskape estetikken til eit kamera frå 1890-talet. Alle utsnitta er filma i kvadratformat, med ein klår vignett og framtredande filmkorn. Eg ynskjer å spesielt heidre komposisjonane som alle er vanvittig pene, dette godt hjulpen av at bileta oftast inneheld vakre islandske landskap.

Fokuset på mann mot natur fungerar også sjokkerande bra. Ei forteljing om ein prest som strevar med å halde ei rett linje ovanfor gud og som tviglar på si tru er ikkje nødvendigvis banebrytande. Likeins tykkjer eg at Pálmason klårer å få mykje ut av ei slik tematikk. Denne måten framstiller ein mann i trosstrid utan å eksplisitt høyre han be om tilgjeving er eit klokt val, og ein mindre filmskapar ville nok kryssa den grensa.

Etter å ha sett Volaða land er eg sikker i å seie at Island har utvikla ein ny nordisk auteur, som med sitt innovative filmspråk og kreativ bruk av mediumet kjem til å kome langt dersom han fortsetjer.

Volaða land / Vanskabte land. 2022. Regissert av Hlynur Pálmason. Med: Elliot Crosset Hove, Vic Carmen Sonne, Jakob Ulrik Lohmann, Ida Mekkin Hlynsdottir og Ingvar E. Sigurdson. Spilletid: 2 timer og 23 minutter.

Relaterte innlegg