Meny Lukk

Petrov’s Flu – LSD + Influensa = sannt?


Då nettene vart lange og kulda trekk inn dreg bilmekanikar Petrov ut frå familieheimen for ei ekte drikkeøkt. Saman med Igor – nabolagets romvesen og falske FSB-agent – og ein mann han ikkje kjennar drikk Petrov seg stupings medan han har 42 i feber. Alt dette medan han hallusinerer villt om romvesen, barndomen og homoerotikk.

Ei anekdote for å starte: då eg såg filmen var det eit augeblikk der heile handlinga stoppa opp i kring 10 sekund på grunn av at Petrov måtte teke seg ein pustepause etter han hosta så fælt at han ikkje lenger kunne prate. Dette vart følgd av at nokon i salen hosta. Alle lo. Det er deilig å kunne hoste igjen i offentlegheita.

Russisk film er eit spesielt interessefelt for meg- eg skreiv bacheloroppgåva mi om det, og eg kan med sikkerheit seie at filmar frå den tidlegare Sovjetunionen som deltek i filmfestivalsyklusen jamt over har blant dei beste innslaga. Fjorårets “Atlantis” sit framleis igjen i margen min som noko av det beste eg har sett på festival, og krinsar blant toppen av filmane frå førre tiår. “Petrov’s Flu” vil nok halde seg i toppen for det nye tiåret.

Ein merkverdig film, Petrov’s Flu er ikkje lett og summere, og å gjere det vil nesten øydelegge poenget med å sjå filmen. Den er ein feberdraum rett og slett. Alle vil nok kunne drege forskjellege konklusjonar frå det dei nettopp har sett. Likeins er den å anbefale, sjåaropplevinga er av høg kvalitet, der den som tittar sjølv vart sett i arbeid på å konstruere og tolke handlinga frå eigne erfaringar og frå dei ulike markørane den kastar ut. Petrov’s Flu har også den sjukaste langtakinga eg har sett i mitt korte liv, som har evna til å kunne toppe ei kvar liste over ‘one-takes’ ute der.

Det er ikkje mange filmar som forsøkjer å konsekvent unngå sjanger på same måten som Petrov’s Flu. Denne filmen unngår aktivt markørar og er i ei slags sjangertåke. Om du vil kalle det ein skrekkfilm eller science fiction så er det lov, men det ville vere å gjere Petrov’s Flu ei bjørneteneste. Den er så mykje meir enn som så- eit ekte originalt verk. At regissør Kirill Serebrennikov har arbeida lenge i teateret er lett å fatte, men eg håpar at han held seg til det audiovisuelle filmmediet vidare.

Petrov's Flu - Regi og manus av Kirill Serebrennikov .  Med Semyon Serzhin, Chultan Khamatova, Vladislav Semiletkov, Yulia Peresild, Ivan Dorn og Yuri Kolokolnikov.  Lengde: 2t 25min. Land: Russland.

Relaterte innlegg