Meny Lukk

“The Happytime Murders» – Like livlaus som dokkene

Melissa McCarthy har gjort det igjen. No må snart produsentane innsjå at alle filmar ho har fingeravtrykk på kjem aldri lenger etter kinosalen enn topp 10 verste film lister.

Den nyaste filmen ho er stjerne i, «The Happytime Murders», har eit nokså bra konsept. «Muppets», satt inn i den verkelege verda, der dei vart offer for diskriminering frå menneskje. Men utføringa er svak, og filmen igjennom lid av mangel på artistisk inspirasjon, samt originale idear. McCarthy er innehavar av den kvinnelege hovudrolla, ei politikvinne som og er den tidlegare partnaren til hovudrolla. Hovudrolleinnehavaren er Bill Barretta, i rolla som privatdetektiven; Phil Phillips.

«The Happytime Murders» speler det laust og freidig med forteljinga. Konsekvensane av det som skjer vart aldri utdjupa, og alt som skjer er i hovudsak berre forlengingar for å få enkel og fattig latter ut av tilskodarane. Gjennomsyra er ein ide om at alle setjingane som vart ytra i løpet av filmens halvannan time lange speletid, må vær morosame. Dette fører utruleg raskt til at filmen blir slitsam å sjå på. Enkelt fortalt er handlinga om Phil Phillips, ein privatdetektiv og tidlegare politimann. Han er og ei dokke. Phil vart tilbydd ei oppgåve der han skal finne ut om ei pornosjappe tilfeldigvis har ein pornovideo av Sandra, som er filmens «femme-fatale». Mens Phil er på bakrommet til sjappa og undersøkjer, kjem det ein forkledd karakter inn i lokalet. Den forkledde personen har ei hagle, og går så videre med å myrde alle inne i forretninga.

Dette startar ein noko dement forteljing som svinsar og svansar frå handling til handling for å samle under banneret dette; Det er nokon i ferd med å myrde alle skodespelarane frå ein «hit-situasjonskomedie» frå 90-talet. Blant skodespelarane involvert, er broren og den tidlegare flammen til Phil. Derfor vel han og forsøke og stoppe mordaren, men vart i staden for mistenkt for å gjere det sjølve.

Phil er ein kynisk og generelt lite relaterbar karakter, som speler på fleire av «noir-sjangerens» store hovudroller. Filmen har fleire av desse tilbakeblikkaugeblikka då filmen tar element frå forskjellige sjangrar. Elles frå «noir-sjangeren», har du «The Damsel in Distress», her spelt av Dorien Davies i rolla som Sandra. Kontoret til Phil er og ein referanse, der du har det typiske detektivkontoret, med trekkgardiner og sotet glasdør. Elles er det og hamra inn allusjonar til «buddycop» komifilmar, som i hovudsak er det filmen forsøker å vere. Du har partnaren som vart skadd i ein skytescene, dei to detektivane som ikkje kan fordra kvarandre og vart tvinga til å samarbeide, samt den eventuelle ‘godgjeringa’ på slutten av filmen når partnarane endeleg kjem saman til å bli eit «lag».

Partnaren hans, Edwards (McCarthy), er i kontrast eit menneskje, men ho har ein dokkes lever. Dette vart utforska for å kunne inkludere scener der Edwards et store mengder med sukkerprodukt. Dette kjem som ein konsekvens av at ho har visst ein øydeleggande sukkeravhengigheit (sukker vart forklart til å vere som extasy for dokker). Dette fører ikkje til noko særleg meir enn at ho vart vist drikke lønnesirup frå whiskyglas.

Regimet låg i henda til Brian Henson (eldste sonen til hjernen bak «The Muppets», Jim Henson), som for det meste har haldt seg til å styre over TV-program. Det vart klart ganske tidleg at Henson ikkje har arbeida på noko mykje djupare enn barneprogram. Heile filmen er filma med same flate 50mm lensa, og det er kanskje ein av den mest keisame utførte kinematografien eg nokon gong har sett. Det er ingen visuell stil i filmen, og alle klippa er ganske tydeleg set med grønskjerm-bakgrunnar. Her får du berre det minimale som trengs for å fortelje historia. Ingen av bilda i filmen forsøk eingong på å skape ein illusjon av at alt ikkje vart filma på set, og filmens kvalitet lid av dette som ein konsekvens. Dei dataanimerte bilda i filmen er ikkje akkurat bra heller. Lågmåls filmskaping over heile banen.

Filmen har mange problem, men først og fremst vil eg kjapt nemne «komikken». Ikkje ein av spøkane har nokon djupn. Ingen av dialogane i filmen er noko anne enn eit reiskap for å levere mest mogleg spøkar på kortast mogleg tid. Eg lurar nesten på om McCarthy vart betalt per kor mange spøkar ho kunne få inn gjennomsnittleg per minutt. Humoren består av lågmåls spøkar, som omhandlar tema som; politisk ukorrekt humor, dokker som vart sett ned på som mindremenn, og vart diskriminert imot, Edwards som ikkje liker ordet «bitch» (tispe), dokkesex og ein veldig utdradd spøk der ein karakter ejakulerer over absolutt heile kontoret sitt og spøkar sikta til at McCarthy kanskje ser ut som ein mann.

Eg ligg nok ikkje heilt i rett målgruppe for denne filmen. Eg er for ung til å sjølv ha sett «The Muppets Show» på fjernsyn i min oppvekst, samt som eg nok er for gammal for slik direkte barnsleg humor som filmen har å tilby. «The Happytime Murders» er lite «happytime», og det einaste som vart myrda er dei 95 minutta du tilbringar i kinosalen.

The Happytime Murders - regissert av Brian Henson; skrevet av Todd Berger, Dee Austin Robertson; med Melissa McCarthy, Elizabeth Banks, Maya Rudolph, Leslie David Baker og Joel McHale. 
Lengde: 1 t. 31 min. Land: USA. Aldersgrense: 15 år. Norgespremiere: 14.09.18

Relaterte innlegg