Meny Lukk

28. Serbia – Underground

Korleis kan 50 år med politisk og sosial ustabilitet summerast av ein enkel filmskapar på berre 170 minutt? Jo med bekmørk komedie sjølvsagd! Denne oppgåva tok serbiske stjerneregissør Emir Kusturica på seg når han under Jugoslavias kollaps tok moglegheita til å finne fram til dei nasjonale trauma det serbiske folk vart utsett for på rekkje og rad frå 1940-talet og heilt fram til filmens utgjeving. Med Underground gjer Kusturica livet til ein latterleg fest, der ein fort oppdagar at det ikkje er ei moralsk søken på svar men heller ei blottstilling av dei mangelfulle verdiane som har vore drivkrafta bakom Jugoslavia i eit halvt århundre.

Då er det ikkje så rart at ein følg to ambisøse og dekadente undergrunnskriminelle som eit symbol på den serbiske nasjonalanda. Marko (Miki Manojlović) og ‘Blacky’ (Lazar Ristovski) er kollegaer og bestevenar, og saman er dei eit maktpar av intens aggresjon, som begge ser etter sin sjanse for å bevege seg opp i verda. Dei to vart styrra av den tyske invasjonen og beveger seg derfor over våpensmugling for motstandsrørsla, samt nokre lugubre kjærleiksdistraksjonar. Kulminasjonen vart at Marko endar opp som ein Yugoslavisk kabinettmedlem, samstundes som han har overtyda over hundre av sine landsmenn – ‘Blacky’ blant dei – at krigen framleis herjar. Folka i kjellaren hans nyttar han for eiga gevinst der han opprettjar ein våpenfabrikk i kjellaren av ministerbolegen sin. Alt dette dekka av eit tjukt lag med sarkasme, ei promille stadig over 3 og stadig følgt av eit diegetisk orkester.

Underground er ein film som ber om at du ikkje skal ta den alvorleg, når det tematiske innhaldet samstundes krevjar at du tek stilling til det. Dette er ikkje ein lett film og fordøye, men du og du om den ikkje er fantastisk underhalding.

Underground / Подземље - Regi: Emir Kusturica. Manus: Dušan Kovačević og Emir Kusturica. Med:  Miki Manojlović, Lazar Ristovski, Mirjana Joković. Land: Yugoslavia / Serbia. År: 1995. Spilletid: 2t 50m

Relaterte innlegg