Meny Lukk

29. Israel – Foxtrot

Kan ein leve med kunnskapen om at i morgon kan eg, eller mine venar, eller næraste døy? At det er fullt mogleg at neste gong eg går ut døra frå hybelen er den siste? Israel har som nasjon opplevd å vere i konflikt nesten samanhengande sidan 1948. Dette gjer noko med mentaliteten i folket, spesielt når folket består av tidenes sterkast forfølgd religiøse minoritet. Det er denne stadige usikkerheita som vart teken opp i “Foxtrot”.

Filmen opnar med at arkitekten Michael Feldman får den verste moglege tidninga: sonen hans er død, han vart drepen i teneste. Dei neste 35 minuttene følg me Michael medan han går på veggen. Sorgeprosessen hans er i full sving. Så visar det seg at det ikkje var sonen hans som vart drept, men ein annan Jonathan Feldman. “So it goes…”

Klypp til Sinaiørkenen. Jonathan Feldman voktar grensa. Saman med sine kameratar er han stasjonert ved ein totalt aude veg, langt unna sivilisasjonen. Her er det lite å gjere forutan å sleppe bilar og kamelar i gjennom bommen. Som tilskodar vart me del av Jonathans følgje. Me følg rutinene, me opplev monotonien, me kjenner på den salte ørkenlufta.

Lior Ashkenazi har ei karriereopptreden som Michael Feldman. Kjensleregisteret til denne mannen er ulikt noko eg har sett i mitt liv. Andletet hans formidlar ei djupn ulik noko eg har sett i ein spelefilm på mange år. Han vart Michael i denne rolla. Kombinert med noko av det vakraste kamera-arbeidet eg har sett i vestleg film så er filmen verd å sjå berre basert på eit reint kunst-teknisk grunnlag.

Regissør Samuel Moaz er openbart oppteke med tragedie. Filmen osar av rollefigurar som sit inne med utappa potensial. Og alle har til felles at dei har opplevd personlege grufulldomar. Familien Feldman vart eit portrett på korleis det er å faktisk vere israelar. På båe godt og vondt.

Foxtrot /  פוקסטרוט  - Regi og manus: Samuel Moaz. Med: Lior Ashkenazi, Sarah Adler, Yonaton Shiray. Land: Israel. År: 2017. Spilletid: 1t 53m

Relaterte innlegg