Meny Lukk

“A Hidden Life” – Sakte, men aldri treig

[usr 4,5]

No i desse dagar har den abstrakte regissøren, Terrence Malick, sin nye film A Hidden Life premiere i Noreg. Ein tilbakegong mot meir konvensjonell historiestruktur, A Hidden Life er satt til den andre verdskrigen, og spesifikt den lille landbygda Radegund, heilt på den Austerrikes tyske grense.

Ein kan oppsummere filmen enkelt nok, men det tek i stor grad vekk frå kva som gjer å sjå filmen til ei unik oppleving. Som vanleg for hans verk er ikkje Malick interessert eller nøgd med å berre formidle ei handling. Igjennom A Hidden Life får ein ei grundig og meditativ innføring i samhaldet mellom dei to hovudkarakterane, Franz (August Diehl) og Fran (Valerie Pachner). Dette er Franz forhald til sin kone, og hans forhald til Gud som er grunnsteinane for utforsking. Handlinga er enkel å følgje, alltid kronologisk, og aldri forvirrande, og den tek tilskodaren på ei sakte og tankjefull reise inn i Franz Jaegerstätters psyke og personleg ståstad.

Eit aspekt av historieforteljinga som eg elska var måten filmen ikkje gav tilskodaren oversikteleg informasjon av tid, der ein opplever krigen på same vis som nokon som ville vore del av den. Den uendelege varigheita av krigen som alle europas menn og kvinner ville kjent på vart formidla på ein måte som ingen annan krigsfilm (viss dette kan reknast som ein krigsfilm) har gjort nokon gong før. Denne stadige usikkerheita er kanskje det mest integrale og effektive verkjemiddelet for å fortsetje å halde filmen spanandes, sidan den ikkje akkurat er kort.

Den einaste kritikken av filmen eg har å kome med er vekslinga mellom engelsk og tysk. Eg kunne verkjeleg ynskje at dialogen heller kunne foregått på ein av språka heller enn begge, men dette er ikkje eigentleg eit stort problem. Dialogen er ikkje dårleg for det, tvert det motsette. Full av tankjefull filosofiske og teologiske fraser. Nazisttrugselen vart via dialogen grundig uforska frå eit kristent perspektiv.

Som med dialogen, kjenner ein til Malick sine filmar, veit du kva bør forventas av bileta. Alt er fullt av tekstur, med djupn, og fargane er fantastiske. Ei salig blanding av klaustrofobiske nærbilete som alltid er uhøveleg nærme karakterane, og vakre naturbilete som varar akkurat lenge nok. Ein kan lett skjønne at det visstnok tok Malick tre år å klyppe filmen. Verda slik den vart presentert er full av finurlege detaljar, og Radegund, samt fengselet som Franz hamnar i, ser ut stadar der folk har levd liv.

Det vil nok vere mange som ikkje vil bry seg om filmen. Ein burde likevel gjere det for det unike perspektivet filmen tilbyr på verdskrigen, og presentasjonen av totalt vanlege menneskje og deira stille kamp mot dei fascistiske systema som tok over heile fastlands-Europa. Prestasjonane og kinematografien er aleine nok til at det vil vere verd å sitje igjennom, Diehl og Pachner er spesielt framragande. ‘This is what happens when the world, when the world dies; man survives”.

A Hidden Life –regissert av Terrence Malick ; med August Diehl, Valerie Pachner, Maria Simon, Ulrich Matthes og Franz Rogowski. Spilletid: 2t 54m. Land: USA / Tyskland / Østerrike. Premiere: Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg