Meny Lukk

Fight Club – Menn utan formål

20 år har gått sidan Finchers framstilling av menn utan formål, og på mange måtar er den nok like relevant for det vestlege samfunnet i dag som då. Sjølv tangerer eg filmen i alder, og har dermed aldri opplevd nittitalet på same måten som filmens hovudkarakterar, vår relaterbare forteljar (Edward Norton) og den endelause karismatiske Tyler Durden (Brad Pitt). Mykje har vore skriven sidan då om filmens tematikk; eit mannsbilete som osar av kritikk samstundes som det vart glorifisert. ‘I am Jack’s toxic masculinity’. Eg vel å unngå denne diskusjonen og fokuserer heller på kva filmen ubenekteleg gjer rett.

Kort summert; handlinga følg vår mann utan namn som slit med insomnia. Fanga i ein kontorjobb han får ingenting ut av, flyr han rundt Amerika og “forskar” over forsikringssakar. For å unnsleppe den keisame kvardagen fer han på kveldstid innom hjelpegrupper for ulike dødssjukdommar. Der får forteljaren vår sin einaste sjelefred igjennom å gråte med menneskje som har fått livet øydelagd av diverse sjukdommar. Og via dette får han endeleg sove. Konflikten som ligg til grunne vart eigentleg ikkje oppklara for publikum før filmens klimaks og instrumentale “plot-twist”. Likevel kan eg seie at det er introduksjonen av Tyler Durden som startar ein spiralsirkel ut av kontroll. Det er ein film som ikkje evner seg over å gradvis teke av.

Så, ser ein vekk ifrå tematikken så er det ikkje merkeleg at filmen er såpass langt oppe på IMDbs topp 250 liste. Finchers uttrykk var enno “under konstruksjon”, likevel skal det mykje til for å benekte akkurat kor kul denne filmen er. Dei sprø effektane, filmens fantastiske dialoger og monologer, kameraets iakttakande bevegingar den stiliserte presentasjonen og klyppinga. Alt kjem saman for å skape noko som var nytt. Finchers moderne klassikar treff mål i alle tenkjelege faktorar. Forbi dette kjem både Norton, Bonham-Carter og Pitt med definerande prestasjonar. Frå opningstittelen til siste scene, som både er ikoniske, fangar filmen meg. Det er ein veldig lett film å like.

I desse dager er filmen å sjå på Cinemateket i Trondheim, som har vising dei neste par dagane. Så eg vil anbefale å ta eit gjensyn med nittitalets kuleste film som går søndag 10. og onsdag 13. november.

Fight Club – regissert av David Fincher; med Edward Norton, Brad Pitt og Helena Bonham-Carter. Spilletid: 2t 19m. Land: USA. Visest på Cinemateket: 10.11.19, 13.11.19. Aldersgrense: 18 år.

Relaterte innlegg