«I morgen danser vi» – Tidsrelevant forteljing med ein viktig regionsinnretta handling

4.5 out of 5 stars

Satt til hovudstaden i Georgia, Tbilisi, I morgen danser vi fokuserer på ein mann i slutten av tenåra som driv med dans på eit semi-profesjonelt nivå, med draumar om å få kunne opptre internasjonalt. Meran (Levan Akin) er dyktig, men strever likevel med å tilfredsstille krava satt på han av danselæraren Aleko (Kakha Gogidze). Livet hans består av å møte til akademitrening, øve fleire timar på dans, vere med kjærasten Mari (Ana Javakishvili), arbeide på ein restaurant som servitør, og henge med venner på fritida. Mykje å balansere, kan ein lett seie.

Familien til Meran har alle vore dansarar av den tradisjonelle georgiske typen. Men alt verkar til å ordne seg når Meran vart vald ut til å få prøve for ein plass i akademiets hovudensemblet. Så kjem filmens hovudhandling og konflikt og inn i bilete, nemleg Irakli (Bachi Valishvili), ein tilflyttar som og siktar på å opptre internasjonalt. Han er betre enn Meran, men likevel vart dei to gode venner, og som filmen utviklar seg, kanskje noko meir.

Kontekst er kodeordet når det kjem til denne filmen. Delen av verda den er laga for, karakterane og miljøet som vart skildra er nemleg ikkje akkurat problemfritt. Georgia oppleva ein direkte etterfølging av homoseksuelle i 2013, og enno er det eit tema som brenn i det tidlegare sovjetiske landet. Filmens regissør er svenske Levan Akin, som har georgiske røter, og har sagt at filmen er skapa som ein direkte respons for angrepa på LHBT miljøet i Tbilisi i 2013. Landet er blant dei mest religiøse i verda, og ein kan lure på kva reaksjonen i Georgia er for ein film som denne, sjølv om den eigentleg er nokså tam i sin presentasjon av eit forhald mellom dei to menna. Sjølv om det er ‘lovleg’ i landet, og det ikkje er noko legalt problem for homoseksuelle i landet er det djupe sosiale problem i korleis innbyggarane ser på dei som identifiserer annleis enn seg sjølve.

Det er ikkje for å seie at einaste grunnen for at filmen er bra, er for tematikken den tek opp og konteksten den er skapa i. Filmatisk er den ein vakker film, med spesielt bra klipping og kinematografi. Det er lett å sjå at mykje arbeid har blitt lagd i filmen fleire lengre takingar. Klippinga er og som nemna særskilt. Dette skin igjennom i dansescenene, som er hektiske og absorberande. Til dels på grunn av klippinga som klarar å understreke kvar ein rørsle. Det realistiske uttrykket filmen presenterer passar perfekt til tonen som vart framstilt, med vakre, djupe fargebilete.

«Georgisk dans er ikkje berre rørsle, den uttrykk ein nasjons sjel», seier Aleko til sine danseelevar, og i Georgia er det det tradisjonelle som dominerer. Endringar kan (og vil) slås ned på. Filmens opne slutt reflekterer dette perfekt, med ei framføring ein kan samanlikne med klimakset i ‘Whiplash’ (2014).

Definitivt ein film som lev opp til den vanskelege tematikken den tek føre seg, og skildrar samfunnsproblem i ein region av verda som ein sjeldan for mykje informasjon om her til lands. Verkar veldig ærleg og livsann.

I morgen danser vi – Regi og manus: Levan Akin; med Levan Gelbakhani, Bachi Valishvili, Ana Javakishvili og Georgi Tsereteli. Spilletid: 1t 53m. Land: Georgia. Premiere: 25.10.19. Aldersgrense: 12 år.