Meny Lukk

“mid90s” – Meir realistisk ‘coming-of-age’ film, med eit nostalgisk utsjånad

[usr 3.5]

Eg skreiv tidlegare ein kort melding om filmen når den vart vist på Kosmorama i mars. Meininga mi om filmen stemmer framleis godt overeins med det eg meina når eg såg den for fyrste gong, litt over ein månad sidan.

Nostalgi for 90-talet er mykje av filmens fokus, der viss du ikkje har særleg interesse i ei handling som er ein del ‘coming-of-age’, samt ein del nostalgisk reise til eit tidlegare tiår, vart filmen kanskje litt ukvass. Hovudrolleinntakaren Sunny Suljic gjer ein dyktig jobb som Stevie, medan Na-Kel Smith som Ray bær filmens emosjonelle side. Elles er det nokre heilt greie prestasjonar av resten av rollehavarane.

Forhaldet mellom brødrene Stevie og Ian (Lucas Hedges), samt mora deira (Katherine Waterston) verkar til tide for lite utdjupa. Derfor vart nokre scener tilsynelatande unødvendige mot slutten av filmen.

Filmatisk er den i eit 4:3 type VHS-format, gjennomført med tydlege ‘forstyrringar’ som kjem med eit videoformat. Eg mistenk at det vart digitalt endra. Jonah Hill har gått grundig til verks for å få den til å verkje som det er filma på 90-talet. Det er ingen problem med framstillinga. Det er berre personleg at eg synest filmen vart for enkel, det var nesten noko som mangla.

Parallellar mellom mid90s og Eight Grade har vore dradd. Begge er av ein litt meir realistisk type film med tenåringar i fokus. Likningane mellom mid90s/Minding the Gap er meir interessante å sjå på – skatemiljø i fokus, begge er sentrert rundt unge menn frå dårlege kår.

Likevel: eg er meir spent på kva Hills neste prosjekt kjem til å vere, enn å hylle denne filmen unødvendig.

mid90s – regissert og skrevet av Jonah Hill; med Sunny Suljic, Katherine Waterston og Lucas Hedges. Spilletid: 1t 25m. Land: USA. Premiere: 26.04.19. Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg