«Proxima» – Sløvt melodrama med svak handling

1.5 out of 5 stars

Ei fransk produksjon, Proxima ynskjer å vere ein filosofisk drøfting om kvifor me ynskjer å forlate planeten vår til fordel for eit øde verdsrom. Disverre har den ingen gestalt, på nærast alle felt fell filmen flat. Det dukkar stundom nokre vakre men kortvarige bilete samt smarte kamerainnstillingar opp. Til sjuande og sist er det lite og hente i regissør Alice Winocours tredje spelefilm.

I hovudrolla finn me Eva Green (Casino Royale, Penny Dreadful) som Sarah. Det faktum at eg måtte søkje opp namnet til karakteren hennar, samt samtlege andre karakterar frå filmen skildrar eit bilete av kor fortgløymt handlinga i Proxima er. Proxima fall inn i rekkja av søvnige familiedrama som også hamnar om romfart. Ein sjanger som kanskje verkar umetteleg. Kanskje no er det nok, Proxima har ingenting nytt å seie. Familiære band spelest på som bongotrommer. Skodespelaranes totale mangel på kjemi og ein elendig borneskodespelar øydelagde all form for interesse eg kunne hatt i filmens hovudhandling.

Ikkje nok med dette, unødvendige konfliktar vart drysst rundt i handlinga. Fremst av desse er sparringa mellom Sarah og Mark (Matt Dillon – The House that Jack Built, Drugstore Cowboy). Dillon gjer ein god innsats som ein smått mannsjåvinistisk astronaut. Dette er eigentleg heile rolla hans, og trenger ikkje vidare utdjupast. Forbi dette er det nokre scener der Sarah vart utfordra medan ho er i hardtrening i førkant av romferda ho skal på. Filmen kunne nok fungert betre utan desse konfliktane, og eg kjem på fleire eksempel der filmskaparane har berre unngått å ha nokon sentral konflikt. Men desse svake augeblikka må vere med i Proxima, viss ein hadde kutta dei hadde filmen mista 30 minutt av speletida.

Min siste hovudkritikk av filmen sentrerer rundt Eva Green sjølve. Ho leverer ein prestasjon flatare enn Danmark. At ho kan prate fire språk i filmen er ikkje grunnlag nok til at ho burde vere ein hovudrolleinnehavar. Alle scenene mellom ho og dottera (Zélie Boulant-Lemesle) er smertefullt keisame. Jenta kan ikkje skodespele, og Green ser ut som ein motekatalogmodell- alltid det same andletsuttrykket. Svært skuffandes opptreden.

Proxima – Regi av Alice Winocours; Manus av Alice Winocours og Jean-Stephane Bron; med Eva Green, Matt Dillon, og Lars Eidinger. Spilletid: 1 t 47 min. Land: Frankrike. Språk: Fransk, Engelsk, Tysk, Russisk. Norgespremiere: 11.09.2020 . Aldersgrense 06 år