Meny Lukk

“The Climb” – Vennekomedie smått utanom det vanlege

[usr=4.5]

Kyle (Kyle Marvin) og Mike (Michael Angelo Covino, også regissøren) er to gamle venar. Mike er ein uansvarleg egoist, som har hatt ein affære med forloveden til Kyle, medan kameraten hans er ein kramkar som skal gifte seg med livets kjærleik. Når affæren vart openbert på ein sykkeltur i Frankrike, går dei to uatskillege venane over til å vere fiendar, og Mike hamnar saman med forloveden til Kyle.

Sidan utdjup filmen vidare om forhaldet til dei to. Tilskodaren får og eit innblikk i den dysfunksjonelle familien til Kyle. Forteljinga stoggar aldri opp, og fortsett med å underhalde. Det gøyale manuskriptet verkar ofte enten høgst improvisert, eller berre veldig velskrive.

Med eit dryss fransk nybølgje og ein bit Wes Anderson held handlinga seg stadig interessant. Kamerabruken er litt utanom det vanlege. Ein kan kritisere filmen for å ha eit mangel på fokus, men eg tykkja aldri dette vart eit særleg problem. Eg vil vektleggje nokre veldig kule overgangar mellom forskjellige scener. Dette er ikkje ein komedie som vil nødvendigvis treffe alle, men dei som er i målgruppa (slik som meg) kjem nok til å elske den.

Som ein del av Kosmorama kan filmen sjåast på onsdag kl. 20:30 og søndag kl. 16:00

The Climb – Regissert av Michael Angelo Covino; Skrevet av Kyle Marvin og Michael Angelo Covino; med Kyle Marvin, Michael Angelo Covino og Gayle Rankin. Spilletid: 1t 34m. Land: USA. Går på Kosmorama Filmfestival

Relaterte innlegg