Meny Lukk

“The Dissident” – Saudi er søppel, filmen også


Eg hugsar eg såg Bryan Fogel sin Oscar-vinnande ‘Icarus’ nokre år tilbake når den fyrst kom ut på Netflix, og vart fascinert av korleis den blenda ulike dokumentarformer – og ei viss mengd flaks – for å skape ein umåteleg spanande film som verka å kome til grunnen i dopingproblemet blant russiske sportsmenn. Derfor var eg ganske oppglødd over sjansen for å sjå å skrive om regissørens nye film, ‘The Dissident’. Diverre for Fogel så går det ikkje å nytte same stil som den nokså moro historia om russisk korrupsjon presentert i Icarus, når du skal fortelje ein potensielt viktig historie om korleis ein av verdas mektigaste nasjonar er alliert med ein myrderisk bande med islamistiske fundamentalistar.

Viss du har grunnleggjande innsikt i kva som skjedde med journalisten Jamal Khashoggi er det ingenting i denne dokumentarfilmen som burde kome som eit sjokk. Khaghoggi vart avretta og kutta opp i eit Saudi-Arabisk konsulat i Tyrkia. Saudi-Arabia er ein totalt moralsk korrupt nasjon. Med 19 ord har eg nettopp summert kva Fogel høv to timar og hundrevis av stygge ‘teknologi’-grafikkar på. Dette kjennes meir som den type dokumentarfilm som vart sendt på fjernsynet av Discovery Channel i halv ni-tida på ein torsdags kveld enn ein dokumentarfilm med mange millionar dollar i budsjett.

The Dissident er berre keisam. Gørr keisam. Internasjonal politikk og stormaktsspel har nok ALDRI vore så keisamt på film. Kvar einaste gong filmen startar å utforske ein interessant vinkling på kva som skjedde med Khashoggi, eller korleis det Saudi-Arabiske kartellet opererer, skiftar den retjing til å enten gjenfortelje tidlegare gitt informasjon, eller vise ein ekkel animert grafikk som ser ut som den høyrer heime i eit Ubisoft tredjepersons-eventyrspel. Kvifor så mykje av fokuset er på ein totalt ukjend Saudi-Arabisk flykting som prøvar å vere ein viktig influenser klårer eg ikkje å fatte. Fogel ynskjer å ta VM i runddans.

Eit kort interessant perspektiv for å runde av: filmen er i stor grad sjølvprodusert av Fogel (med hjelp av Another World Entertainment), utan å få ei særleg stor utgjeving verda rundt. Dette er nok mest sannsynleg på grunn av filmen omhandlar og kritiserer Saudi-Arabisk åtferd internasjonalt. Det at filmen på grunn av dette ikkje får ein ekte utgjeving i USA er meir interessant og seier meir om kva posisjon oljenasjonen står i ovanfor resta av verda enn heile denne filmen.

The Dissident - Regissert av Bryan Fogel. Spilletid: 1t 52m. Land: USA. Norgespremiere: 26.03.2021. Aldersgrense: 9 år. 

Relaterte innlegg