Meny Lukk

The Sisters Brothers – Moderne western, perfeksjonert.

[usr 4.5]

I nokre år no har westernsjangeren hatt ein tilbakekomst. Igjennom store prosjekt av respekterte regissørar som Quentin Tarantino (The Hateful Eight, Django Unchained), Coen-brødrene (No Country for Old Men, The Ballad of Buster Scruggs), samt Inarittus The Revenant. For ikkje å gløyme HBO-storsatsinga Westworld, med Jonathan Nolan i ei leiande rolle.

Berre i år kom det to større spelefilmar innan sjangeren som begge vart motteke bra, både frå pressa og publikum: den tidlegare nemna Netflix-produksjonen The Ballad of Buster Scruggs, og The Sisters Brothers.

Det opnast med mørket, og to ukjende tilsynelatande leigemordarar som er ute etter ein mann med namn Blount. Ganske standard for ein western. Igjennom heile filmen verkar den eigentleg som ein standard westernfilm, men likevel som ein film grunna meir i verkelegheita. Det verkar som tropane etablert av sjangeren vart fylgt, men stundom vart det snudd på hovudet. Etter ei stund vart det vanskeleg å gjette kva som kjem til å skje i neste scene, medan det som endar opp med å hende alltid gjer meining. Dette er ein kvalitet The Sisters Brothers, og filmens manusforfattar, og regissør Jaques Audiard forten ros for.

Ikkje berre er handlinga underhaldande og engasjerande heilt igjennom, det ligg enormt kompetent filmskaping til grunns. Kinematografien har både vakre og pittoreske landskaps- og etableringsklypp, og desorienterande, mein vakre bilete frå eit subjektivt perspektiv.

John. C. Reilly og Joaquin Phoenix visar begge kvifor dei har fått arbeida i så mange store dramatiske produksjonar, og gjer begge ein fabelaktig jobb som tittelkarakterane, Sisters-brørne. Utanom dei, har du og eit gjensyn med Nightcrawler-duoen Jake Gyllehaal og Riz Ahmed, som funkar som eit par gode venner i kontrast til dei ikkje alltid så gode brørne.

Filmen er aldri redd for å ikkje vise noko, den tek tilskodaren heile vegen til ein realistisk og stundom motbydeleg representasjon av 1850-talets nordvestens USA. Om det er armar som vart saga av, eller hestar som vart myrda, eller hovud som vart sprengd i fillebitar, visar filmen alt, og med ein sikker stil.

The Sisters Brothers – regissert av Jacques Audiard; Skrevet av Jacques Audiard & Thomas Bidegain. Med: John C. Reilly, Joaquin Phoenix, Jake Gyllenhaal, Riz Ahmed. Speletid: 2t 1m. Land: Frankrike. Premiere: 22.03.19. Aldersgrense: 15 år.

Relaterte innlegg