Meny Lukk

“The Whistlers” – Moro rumensk neo-noir med eit preg av 90-talet

[usr=4]

Litt ut av intet fekk eg sjansen til å sjå eit politidrama frå Romania. Ettersom filmen for augeblikket sit med ein 6,3 på IMDb frykta eg det verste. Heldigvis klarte The Whistlers frå fyrste augeblikk å totalt snu forventingane mine på hovudet.

“A blast from the past” som dei seier, The Whistlers er ein pastisj av 90-tals spennings- og krimfilmar som leikar med eit stilig formuttrykk og kronologien til handlinga. Openbart inspirert av Quentin Tarantino sine klassikarar De Hensynslause og Pulp Fiction, eller De Mistenkte av Bryan Singer, The Whistlers hoppar i tid og rom frå karakter til karakter. Det er ein underhaldande krimfilm, med sterke komiske element, og flott sjangerblanding, likeins filmane den forsøkjer å emulere.

Den korrupte politimannen Cristi (Vlad Ivanov) hamnar opp i ei skandale rundt saken han etterforskar. Samstundes som han arbeid på saken, selg han også informasjon om den til dei kriminelle. Han treff kjærasten (Catrinel Marlon) til kontakten han har i den kriminelle orginasjonen. Sidan Cristi er under overvaking pga han er mistenkt for korrupsjon, må ho late som ho er prostituert. Etter ei meget morosam sexscene, overtaler kjærasten, Gilda, Cristi til å kome til Kanariøyene for å lære seg og plystre (nei det er ikkje tull), derav filmens tittel.

Plystringa i filmen er ikkje eigentleg eit integralt handlingsmoment i meisteparten av filmen, men eg set stor pris på ideen av ein kriminell organisasjon som kommuniserer eksklusivt med plystring for å unngå at politiet fangar opp samtalane deira. Det er ein morosam måte og løyse ein reell problemstilling. Dette sidan Romania har frå kommunistvelde ein tendens til å drive med særleg inntrengande overvaking av ymse mistenkte. Dette fungerer som båe ein underhaldande og interessant kritikk av den rumenske overvakingskulturen. Dette er faktisk den tredje filmen eg ser i år som tek opp dette temaet, der dei fyrste var kortfilmen The Christmas Gift, og den andre dokumentarfilmen Uppercase Print. The Whistlers har den mest underhaldande tolkinga.

Viss ein skal på kino med fadern i juleferien kan eg rå til å sjå litt god, gammaldags krimkomikk. Eller om du er på leit etter noko lett underhalding, som framleis kan tirre på det intellektuelle er The Whistlers ein god film for ein fredags kveld.

The Whistlers (La Gomera)- Regi av Corneliu Porumboiu  Spilletid 1t 32 min. Land: Romania. Norgespremiere: 04.12.2020. Skuespillere: Vlad Ivanov, Catrinel Marlon. Aldersgrense: 15 år

Relaterte innlegg