Meny Lukk

“Ting vi sier. Ting vi gjør” – Ein veldig fransk film

Nokre gonger så endar eg opp i kinosalen utan eigentleg vite kva eg har å gjere der. Oftast er dette i relasjon til pressevisingar eller filmfestivalar, som vart tilfelle når eg plutseleg enda opp å sjå ein 2 timar lang fransk kjærleiksfilm. Eg trur omtrent ikkje eg kan vere meir ut av mitt element. I trass av dette fann eg mykje å like i Emmanuel Mouret si historie om menneskelege førehald, kliss og klass.

Den eine engelske tittelen (det finnes tre totalt), Love Affair(s), passar i grunnen filmen mykje betre. Den summerar kva filmen si kjerne eigentleg er. Romantiske eskapadar i form av utroskap har aldri vorte framstilt i eit meir positivt ljos, galne franskmenn as. Raskt summert, Maxime vitjar syskenbarnet sitt, François, i fransk vinland. Når Maxime kjem dit vart han engasjert i ein djup kjenseleg samtale med kona til François medan han er vekke på eit jobboppdrag i Paris. Kona til François, Daphne, er høggravid, og ho og Maxime fortel kvarandre om deira mildt sagd kompliserte kjærleiksliv. Du innser kanskje sjølve kvar dette er på veg…

Eigentleg er Ting vi sier. Ting vi gjør ikkje ein vanskeleg film å følgje med på, men nokre merkelege val i klyppinga gjer narratologien unødig komplisert. Eg fryktar om viss regissør Emmanuel Mouret hadde berre latt handlinga spele ut meir kronologisk så ville filmen verka meir oversikteleg. Diverre satt eg litt forvirra stundom og ynskja at handlinga kunne fokusere på litt færre karakterar, men dette er vel eigentleg del av sjarmen med denne forma for romantisk komedie.

Når det kjem til den melodramatiske sida, stillar filmen likeeins sterkt. Eg likte alle karakterane, og i grunnen var det litt underhaldande å sjå utroskap verte framstilt på eit så avslappa vis. Rollefigurane vart ikkje hysterisk sinte, berre lei seg. Det at alle skodespelarane, frå små til store roller, er sjukt sjarmerande og dyktige hjelper Ting vi sier. Ting vi gjør godt på veg. Tilhengjarar av romantiske komediar, merk dykk denne!

Ting vi sier. Ting vi gjør (2020) - Regi og manus: Emmanuel Mouret. 2t 02 min. Frankrike. Med: Camélia Jordana, Niels Schneider, Vincent Macaigne, Émilie Dequenne, Jenna Thiam.

Relaterte innlegg