Vekas Strøymetips – 21/02/18

Denne veka har me ein dobbel dose sjåverdigheiter frå Viaplay. Ein nyskapande teikneseriebasert thrillerserie, og eit botnsolid irsk periodedrama.
Vekas Strøymetips – 07/02/18

Hugsar du den delen av Home Alone der mora får skyss med eit polkaband? Vel, det er visst ikkje so latterleg usansynleg som ein skulle trudd!
Vekas Strøymetips – 31/01/18

To sterke skodespelararprestasjonar er i sentrum av denne vekas strøymetips, i filmar der staheit og naivitet øydeleggjer for store ambisjonar.
Vekas Strøymetips – 24/01/18

På Netflix: The Good Place (Michael Shur, 2016-) Michael Shur har gjort vane av å skapa nokon av dei beste sitcomane på amerikansk network-tv. Frå før står han bak to av dei beste arbeidsplasskomediane i nyare tid, Parks and Recreation og Brooklyn Nine-Nine (saman med Dan Goor). Med The Good Place har han tatt eit steg vekk frå den vante formelen, med denne heller originale settinga: kva viss himmelen var eit nabolag? Kristen Bell (Veronica Mars, Forgetting Sarah Marshall, Frozen) spelar Eleanor Shellstrop, som har blitt sendt til denne versjonen av himmelen etter å ha døydd i ei ulukke. Nabolaget ho endar opp i er eit av uendeleg mange, og skal i teorien berre vere folkesett med gode menneskje som passar i lag. Alle får til òg med dele bustad med sin «soul mate». Det er berre ein liten ting som øydelegg. Ho er feil Eleanor. Bell sin Eleanor var ikkje ein spesielt «god» person då ho levde, og hennar tilstedeværelse går bokstavleg talt laus på omgjevnadane, noko som er svært til bry for arkitekten Michael (Ted Danson). Saman med hennar huskamerat, Chidi (William Jackson Harper), som er professor i etikk og den eigentlege Eleanor sin soul mate, forsøker ho å bli eit betre menneskje. Om ho ikkje klarar det risikera ho å øydeleggje nabolaget for alle, og verst av alt: bli sendt til «the bad place». Foreløpig er det berre fyrste sesong som ligg på norsk Netflix, medan den andre i skrivande stund har to episodar igjen av det originale sendeskjema. Vendingane historia tar i løpet av fyrstesesongen kuliminerar i ein cliffhanger av dimensjonar, og eg kan nesten ikkje venta på at fortsetjinga skal sleppast. På Viaplay: Digging for Fire (Joe Swanberg, 2015) Om du er kjend med filmografien til Joe Swanberg veit du omtrent kva du går til om du ser denne filmen. Viss ikkje kan det hjelpe med ein kjapp oppsummering. Han er ein av dei meir profilerte innan «mumblecore»-sjangeren. Dette er ein laust definert sjanger av lågbudsjettsfilm, som regel lett drama med innslag av humor, med fokus på dialog over handling. Som fleire av Swanberg sine andre filmar har hendingane i Digging for Fire ein spesifisitet som gjev den ei kjensle av å vere sjølvbiografisk. Jake Johnson (New Girl) og Rosemarie Devitt (Rachel Getting Married, United States of Tara) spelar Tim og Lee, eit ektepar som har fått låne eit hus i eit finare nabolag i LA for nokre veker. Dei har ein son på 3 år, og dei er litt ueinige om korleis skulegangen hans burde byrja. Ein morgon finn Tim ein pistol og eit bein nedgrave i hagen. Han har lyst å leite meir, men Lee er i mot det. Når Lee tek med ungen til foreldra sine for å la Tim få fred til å gjere sjølvmeldinga endar dei begge opp med å gjere heilt andre ting enn dei er meint. Tim byrjar å grave i hagen med kompisar. Lee går ut på by’n åleine. (Lettere) drama fylgjer. Grunnen til at eg poengterer vekta til dramaet, er at dette ikkje er ein slik type film der forhold går til grunne og himmel og jord skakast pga. misforståingar eller svik. Filmen presenterer heller hendingane som daglegdagse. Små friksjonar oppstår mellom vener og ektefellar, men dei snakkast gjennom. Grenser prøvast og kryssast, men filmen bles ikkje opp dramaet i det som hender, men let det vere grobotn til introspeksjon hjå sjåaren. Som vanleg i mumblecore er dialog og karakterval ofte fullstendig improviserte, noko som forhøgjer kjensla av realisme. Swanberg har på ein eller annan måte stabla saman eit latterleg bra stjernegalleri, der Sam Rockwell, Brie Larson, Anna Kendrick, Orlando Bloom, og Sam Elliot berre er den mest kjende halvparten. Ikkje so rart då at filmen er so sjåverdig som den er.
Vekas Strøymetips – 10/01/18

2017 var eit godt film- og TVår. Ikkje at nokon har sagt at det ikkje var det. Men no har dei siste 4 anbefalingane i denne spalta vore frå det. Just sayin’
Vekas Strøymetips – 03/01/18

På Netflix: Mudbound (Dee Rees, 2017) I jula las eg i eit større amerikansk tidsskrift ein omtale av Netflix sin nye storsatsing, Bright, som hevda at dette var den beste filmen strøymetenesta har laga til no. Utan å driva med for mykje baksnakking kan eg vel seia at eg er ganske ueinig med den påstanden. Tittelen burde sikkert gå til ei eller anna perle skjult bak dei uransakelege algoritmane, men av dei eg til no har sett sjølv meiner eg det er ganske dødt løp mellom The Meyerowitz Stories (tidlegare anbefalt her), og denne vekas høgdepunkt: Mudbound. Mudboud er eit usedvanleg stilsikkert periodedrama, som overgår det meste av Netflix sin oeuvre når det kjem til tematisk djupne med gjenklang i høgaktuelle konfliktar. Filmen er eit lite utsnitt av samfunnet i ein mindre landsby i Mississippi under Andre Verdskrig. Den tar utgangspunkt i to familiar, ein kvit bondefamilie. og ein svart leiglendingfamilie. Begge familiane strever med økonomien, og begge har eit medlem som er borte og krigar i Europa, og det er rundt desse to punkta det meste av konflikt oppstår. Det byrja å nære seg 100 år sidan slaveriet vart oppheva, men det kjennest uhorveleg langt fram til borgarrettsrørsla som tar til på 50-talet. Filmen har sterke skodespelarprestasjonar i alle ledd, med namn som Jason Clark, Carey Mulligan, Mary J. Blige og Jonathan Banks på rollelista, samt halvsvenske Gerret Hedlund, som for fyrste gong gjer seg merka for meg. Regissør Dee Rees viser enorm forteljingsteknisk kontroll, og spreiar det innhaldsrike dramaet jamt og godt ut for mesteparten av speletida, medan ho nær umerkeleg kvesser konflikten i bakgrunnen. Når ho då mot slutten går for nådestøyten er det på ein overraskande, men vel fortent måte. – Kristian Òg på Netflix: Oh Hello: On Broadway (Nick Kroll og John Mulaney, 2017) Kvar for seg er komikarane Nick Kroll og John Mulaney litt hit-or-miss for meg. Eg vart aldri fenga av Kroll Show, men syns The League er ein undersett, tidvis genial sitcom. Mulaney er som regel ganske morosam når han dukkar opp hjå andre, men hans stand-up-spesial The Comeback Kid trefte ikkje heilt. I Oh, Hello: On Broadway jamnar det seg ut, og samarbeidet resulterer i mykje latter. Oh Hello er i utgangspunktet ein serie sketsjar frå Kroll Show, sentrert om eit par geriatriske New-Yorkarar, Gil Faizon (Kroll) og George St. Geeland (Mulaney). I dette showet på ca. 100 minutt – som er eit opptak frå då showet faktisk gjekk på Broadway – utfoldast karakterane heilt, og me får oppleva alt deira liv og leven, som fortald frå deira eigne, heller skeive perspektiv. Gil og George er høvesvis (feila) skodespelar og forfattar, halvt senile, litt for sikre på eigne evner, og har ein haug morosame uttalefeil. On Broadway er samstundes spelet dei har skrive og framfører om sitt eige liv, og alt av kommentarar og tabbar dei gjer under framsyninga, alltid i karakter. Showet byrjar med ein introduksjon av karakterane og ein gjennomgang av Broadwaytradisjonar før sjølve plottet tek til. Her vert dei fyrste av ein haug gjennomgåande vitsar satt opp, kvar dei aller fleste vil betale seg stort. Vidare tek showet mange uventa vendingar, frå overraskingsgjester i publikum til drøymesekvensar til fullstendig nedbryting av plottet. Det skårast høgt i vitsetettleik, treffsikkerheit, og antal Steely Dan-referansar. Cocaine! – Kristian
Vekas Strøymetips – 20/12/17

Algoritmane til Netflix er ikkje alltid like gode til å finne til fram dei skulte juvelane som passar min spesifikke smak. Det er kanskje ikkje so lett å gjere til nokon som tidlegare har gjeve 4 stjerner til både Crank 2: High Voltage og The Master. Eg merkar det spesielt på filmar litt utanfor mainstreamen, spesifikt slike eg har høyrd om eller sett på filmfestivalen i Trondheim, Kosmorama. Denne veka anbefaler eg difor to dømer på dette, som eg ganske tilfeldig kom over ein dag eg satt og bladde alt for lenge i dei uendelege kategorilistene til nettstaden. Operation Avalanche (Matt Johnson, 2016) Du har kanskje høyrd konspirasjonsteoriane om at månelandinga i 1969 var ei forfalsking. At Kubrick var involvert, og at skuggar og flaggrørsler avslører bileta dei tok som fabrikkerte. Vel, her er found-footage-filmen som viser akkurat kor korrekte desse teoriane er. Filmen er laga av, og fylgjer eit team av unge, ferske CIA-agentar, som finn ut at månelandinga ikkje vil kunne fullførast innan slutten av ti-året, som Kennedy lova. Dei tar på seg den oppgåva å lage ei forfalsking som kan visast på TV, og soleis hindrar at USA mistar andlet i høve til Sovjetunionen. Alt dokumentert med delvis eller heilt skjulte kamera. Det artige med filmen er kor godt den blandar latterleggjering av heile konseptet med ein dokumentar-til-thriller utvikling av sjangeren i det interne narrative. Det er skikkeleg morosamt å sjå karakterane brainstorme seg fram til detaljane som (nokon) folk no ser på som «prov» at landinga er fake. Og til djupare bedrageriet går, til meir finn filmskaparane seg fanga av CIA, noko som reflekterast i sjangerendringa utover filmen. Filmen strekk seg litt for langt i slutten, og endar på ein i overkant mørk tone, men opp til det punktet er den ei svært god skrøne. Angry Indian Goddesses (Pan Nalin, 2015) Dette er noko so sjeldan som ein indisk buddy comedy/kultur-kritisk drama, med kvinner i alle hovudrollene. Ok, so er ikkje eg so kjend med indisk film at eg veit sikkert at dette er ein sjeldan filmtype, men det kjendest utruleg fresht ut då denne gjekk på Kosmorama i 2016. Plottet startar noko ordinert, med at ein venegjeng som ikkje har møtst på ei stund samlast hjå ein av dei for noko slags hending, her eit bachelorette party. Men, størsteparten av gleda med filmen er nettopp samtalane mellom hovudkarakterane ettersom dei blir gjenkjent med kvarandre. Det er morosamt og rørande om einannan, samtidig som det tas eit oppgjer med indisk kultur. Filmen kommenterer på alle hot button-tema ein kan tenkje seg, og tør å vere kritisk. Persongalleriet er variert og fengande, og historia blir fortalt på ein energisk, fargesprakande måte, med liberal bruk av musikalske montasjar. Me nærmar oss (heldigvis) ei tid der det å sjå filmar drivne av kvinnelege karakterar åleine ikkje følast eksotisk i seg sjølv, og Angry Indian Godesses er eit perfekt døme på kvifor det er kjedeleg og idiotisk at me ikkje har kome dit tidlegare. Kristian Kvamsøe
Vekas Strøymetips – 29/11/17

På Netflix: The Meyerovitz Stories (Noah Baumbach, 2017) Når jeg hører ordene «komedie», «Adam Sandler» og «Ben Stiller» i samme setning, får jeg noen Vietnam-flashbacks og svetten begynner å renne. Marerittene om Grown Ups vil aldri slutte, og jeg har heller ikke kommet meg over det forrige Sandler-Netfix-samarbeidet jeg så, nemlig The Ridiculous 6. Men sleng på ordene «regissert av Noah Baumbach» og håpet vokser raskt. Og for å si det med en gang: The Meyerowitz Stories er ikke en Sandler-film, det er en Baumbach-film. The Meyerowitz Stories er en film om en langt i fra perfekt familie, og det å godta hverandres imperfeksjoner, noe de aller fleste kan kjenne seg i. Dustin Hoffman gjør en fantastisk rolle som faren til Stiller og Sandler, og gjør mye av filmen til det den er, selv om det meste blir lagt på skuldrene til de to sønnene hans. Og med det sagt, Sandler leverer faktisk en av sine beste prestasjoner noensinne. En veldig sårbar film som gir alle karakterene sine tid til å fortelle historien sin. Om en person er sjalu på hvordan en annen blir behandlet, får vi også høre de negative sidene fra den andre. Og det er noe av det som gjør filmen så bra som den er. Vi får en skikkelig dybde i historien, og gjør den til noe man enkelt kan relatere seg til. The Meyerowitz Stories er en av Netflix’ beste filmer hittil, og et av høydepunktene fra 2017 hittil. Thomas Fjellum På Viaplay: Kubo and the Two Strings (Travis Knight, 2016) Heilt sidan eg såg trailaren til ParaNorman tilbake i 2012 har eg vore fascinert av stilen til animasjonsstudioet Laika. Dei lagar filmar i hovudsak for barn, animert med stop-motion-teknikk, men tør å legge inn litt skumlare element enn ein gjerne forventar. Eit fellestrekk for filmane til Laika er at dei stolar på intelligensen til sine unge sjåarane. Det snakkast ikkje ned, og dekkast ikkje over viktige tema med for tung kamuflasje av søte og tullete ting. Dette er ein ting Laika har til felles med japanske Studio Ghibli, og saman med den distinkte visuelle stilen skil dei seg difor ganske godt ut. Kubo and the Two Strings, eller «og det magiske instrumentet» som filmen heiter på norsk, er eit episk eventyr. Den er satt i middelalderens Japan, i ei drøymeliknande verd full av magi og sverdkamp. Kubo er ein ung gut som saman med mora er på flukt frå den vonde, auge-stelande bestefaren sin. Dei bur på utkanten av ein liten landsby, der han om dagen tenar til livets opphald ved hjelp av nydeleg magisk origamikunst. Når dei vonde kreftene endeleg finn dei må Kubo ut på leiting etter ein legendarisk rustning med sverd, tilsynelatande det einaste som kan hjelpe dei å slå fienden. Dette er ein actionfilm med overraskande høgt tempo. Bakgrunn er gjeve raskt og effektivt, og store deler av filmen består heller av imponerande slagscener. Til tider er nok slåssinga litt dryg for dei yngste, men dei verste augeblikka hoppar filmen sjølv over. Måten Kubo sine evner kjem i spel i desse kampane er merkverdig. Med seg på reisa har han nemleg to kompanjongar, ein kynisk ape-amulett som er kome til live, og ei gløymsk samuraibille. Desse tar seg av dei grovaste sakene, mens Kubo står for det meste for oppbyggande magi og ikkje-valdelege løysingar. Reisa til Kubo går like mykje i sirkel gjennom minna av hans eigen familiehistorie som faktiske landskap, og endar til slutt opp i ein showdown tilbake ved byrjinga. Det er her den verkelege styrken til Kubo visar seg, og han avsluttar ting på ein uventa, men fullstendig passande og særs rørande måte. Kristian Kvamsøe
Vekas Strøymetips – 22/11/17

På Netflix: Okja (Bong Joon-ho, 2017) Boog Joon-Ho er ein utruleg allsidig filmskapar, og han har ikkje blitt mindre spesiell etter å ha entra den engelskspråklege marknaden. Sjølv fekk eg opp augo for han etter sci-fi togthrilleren Snowpiercer, og vidare fekk eg whiplash av monsterfilmen The Host. Med Okja spinnast sjangerhjulet igjen, og endar opp på det eg vil kalle ein blanding av eventyrfilm for barn og hardbarka sosial-kommentarkomedie. Store deler av filmen får plass under fyrstnemnde sjangerparaply. Det internasjonale matvarekonsernet Miranda Corporation har oppdaga ein ny griseart, og har sendt eksemplar verda rundt for å la forskjellige bondekulturar konkurrere om kven som driv best oppdrett. Langt oppe i dei sør-koreanske fjella møter me Mija og bestefaren hennar, som saman har oppfostra Okja. Dei ligg an til å vinne denne konkurransen, men Mija ynskjer ikkje å gje frå seg Okja, og har difor har bedt bestefaren om å kjøpe ho fri. Når dette ikkje går som planlagt rømmer Mija heimanfrå for å få tilbake kjæledyret sitt. Hijinks ensue. På vegen innblandast Mija med ei dyreaktivistgruppe kalla Animal Liberation Front (ALF), og det er herifrå filmen mistar moglegheita for å blir rata «tillatt for alle». Filmen har ein ganske tøysete tone gjennom det heile, med Jake Gyllenhaal sin spastiske programleiartype som komisk høgdepunkt, men den tar nokre ganske dryge vendingar. Sjølvsagt har Miranda Corporation skjulte hensikter, og gjennom avsløringane av desse kjem filmens kritiske standpunkt fram. Spesielt scenene satt i Miranda Corporation sitt skitne laboratorium er ikkje for dei mest kjenslevare. I Okja blandar Bong kyniske stikk til konsumarsamfunnet med sær komedie. Det burde kanskje ikkje fungere, men med Paul Dano, førnemnde Jake Gyllenhaal, og Tilda Swinton (gonger to) er det likevel ikkje so rart at han klarar å halda balansen. Dette er den mest originale Netflixproduksjonen til no, og det skulle ikkje forundre meg om den fortset å vere det ei god stund framover. Kristian På Viaplay: The Pixar Story (Leslie Iwerks, 2007) Pixar er eit unikum i film- og animasjonsverda. Få studio, om nokon, kan vise til eit like høgt og stabilt nivå av kvalitet. Sidan 1995 har dei gjeve ut 19 filmar, kvar minst 12 av dei er svært gode (dette er ikkje eit digg, eg har berre ikkje sett resten). Då denne dokumentaren vart laga var Cars den siste som var kome ut, og var deira sjuande udiskutable suksess på rad. Men historia til selskapet byrjar mange år før Toy Story… Grunnlaget for Pixar sin suksess vart nemleg lagt på 70-talet, og filmen tek seg tida til å skildre korleis utviklinga av dataanimasjon spela ei stor rolle. Den fylgjer mykje av karrieren til regissør og nøkkelperson John Lasseter. Saman med datateknikaren Edward Catmull og Steve Jobs får han æra for at Pixar vart som det vart. På ein måte går historia i ein stor sirkel, frå Lasseter blir sparka av Disney, via jobb for Lucasfilm og Industrial Light and Magic, til etableringa av Pixar, før dei til slutt blir kjøpt opp av Disney igjen. Sidan The Pixar Story var laga då studioet endå var rekna som ufeilbarlege, og hadde nyleg blitt kjøpt opp av Disney, har filmen meir enn eit hint av å glatte over ting litt. Ikkje at utfordringane deira er fullstendig sletta frå narrativet, men fokuset ligg definitivt på alt det positive dei gjorde, spesielt til nærare filmen kjem notida. Men kvart ledd av reisa er likeframt full av spennande detaljar. Til neste år kjem oppfylgjaren til min favorittpixarfilm, The Incredibles, og i 2019 skal det visst kome ein fjerde Toy Story. Risikoen for at dei utvatnar sitt eige rykte blir berre større for kvar gong eit tal står sist i filmtitlane. Men enn so lenge held dei fram med å vere eit unikum, og denne dokumentaren er eit hyggeleg innblikk på vegen dei tok dit. Kristian
Vekas Strøymetips – 15/11/17

På Netflix og Viaplay: The Rover (David Michôd, 2014) Denne filmen må seiast å vere ein ganske nær slektning til Mad Max-filmane. Den finn stad i Australia ti år etter «the collapse», og omhandlar ein skøytelaus mann som får bilen sin stolen og gjer alt han kan for å få den att. Sounds familiar? Vel, utanom dei slåande solbleika naturbileta divergerer dei to filmane ein del etter anslaget. Samfunnet har begynt å slå sprekkjer, men har ikkje heilt nådd Immortan Joe-nivået endå. Pengar er framleis i omløp, og folk har endå varer å selje. Me møter den titulære namnlause omstreifaren i ein slags bar, tydeleg i dårleg humør. Tre kjeltringar på rømmen frå eit feila brekk stikk av med bilen hans, og startar med det ei jakt som tek opp heile speletida. Ok, so er det veldig Mad Max-aktig endå. Guy Pierce spelar hovudrolla med ein brutal, men stoisk kynisme. Han er skjegga og skrinn, men ikkje makteslaus. På vegen treff han fjerdemann i crewet, Ray, som vart forlaten av gjengen etter ein skotskade, og tek han som gissel og vegvisar. Rey er portrettert som naiv og lettare tilbakeståande, spela av ein langt frå typecasta Robert Pattinson. Jakta gjennom øydemarka skjer definitivt på skuggesida av samfunnet, men det er uvisst om det finst andre sider lenger. Eg har moglegvis nemnd Mad Max for mange gonger til no, og det må poengterast at likskapane i plot ikkje reflekterast i uttrykk. Dette er slow-burn thriller, med lange takningar og filosoferande samtalar – periodisk punktert av grufull vald. The Rover er like deler spanande og melankolsk, forankra i sterke rolleprestasjonar frå Pierce og Pattinson. Kristian På Viaplay: Me and Earl and the Dying Girl (Alfonso Gomez-Rejon, 2015) Det finst haugevis av oppvekstfilmar av denne typen, reint overflatisk. Gut følar seg som ein outsider på skulen, har kanskje berre ein venn, og har eit anstrengt forhold til jenter. Ganske typisk. For å skilje seg ut frå mengda er det spesifikt to ting denne filmen gjer som fungerer svært bra. For det fyrste ser me filmen gjennom augo til «Me»-karakteren Greg. Ikkje det mest banebrytande i seg sjølv, men greia er at han er særs subjektiv og upåliteleg, noko som gjev filmen eit ekstra forteljande lag. For det andre utspelar forholdet hans til «the dying girl», Rachel, seg på ein ganske uventa måte. Filmen unngår dei mest utslitne romantiske klisjéane, til dømes å gjere ho til hans store crush som endeleg ser på han romantisk, eller å la ho vere den vennen han aldri såg på den måten. Dette åleine er utruleg herleg. I eit forsøk på å gli friksjonslaust gjennom skulen har Greg nemleg delt inn alle medelevane i undergrupper basert på stereotypar, men plassert seg sjølv utanfor. Greg kjenner eigentleg ikkje Rachel, og dei kjem berre i kontakt på grunn av at ho blir sjuk. Til og med Earl, hans einaste ordentlege venn, har han plassert på ein armlengds avstand, og refererer til han som ein kollega, då dei brukar fritida på å lage kortfilmar i lag. Me and Earl and the Dying Girl er ikkje ein reint dyster film. Mellom dei nemnde kortfilmane, Greg sine stop-motion animerte fantasiar, og Nick Offerrman i rolla som far hans er det mykje god humor. Musikken til Brian Eno og Nico Muhly er til tider litt standard indiefilm-aktig, men fungerer likeframt oppløftande. Men det beste med filmen er korleis den konfronterer sin eigen hovudkarakter. Det kan til tider verke som filmen har tenkt å hoppe over dei tøffaste konfliktane mellom Greg og Rachel eller Greg og Earl, og difor smell det ekstra hardt når den ikkje gjer det. Kristian